22. mai 2011

Søndagsgleder

Når ein har baby, får ein utruleg lite tid til seg sjølv. Så kva gjer eg ein regnfull søndag når far i huset er ute og trillar den vesle, og eg har huset heilt for meg sjølv?

Eg beundrar gårsdagens kjøp: eit stativ med plass til øyredobbar (som eg ikkje akkurat prioriterer å bruka for tida pga. baby) og innser at eg har veldig mange grøne øyredobbar. Og mange eg ikkje har gått med på veldig lenge.

Eg overser rotet på stovegolvet, skyv det ut til alle sider og breier stoff utover i staden. Og klipper, klipper, klipper.

 Eg drikk kaffi med opa verandadør, slik at tærne får lufta seg litt ...

... og gler meg til å ta inn nyvaska klede med uteluft.

Eg ser på rotet i hyllene mine og planlegg korleis eg skal få det ryddig og fint. Planen er å fylla hyllene med garn og stoff og handarbeidsbøker. Må berre få tak i fleire hyller først (og ikkje meir garn eller stoff) ...

Og no skal eg sy i det stoffet eg har klipt ut!

4 kommentarer:

Torunn sa...

Ååå, så koseleg! Gler meg til å sjå kva du har sydd! Utruleg mange flotte øyredobbar du har,- og det stativet var jo heilt genialt!

Kine sa...

Det er Så viktig å kose seg innimellom når man får litt fri :-)
Hvor har du fått tak i det stativet der? Det kunne jeg trengt til øredobbene mine, selv om jeg også bruker dem altfor sjeldet nå som vi har små barn. :)
Men med EN gang jeg skal ut uten barn tar jeg på meg øredobbel :-)

Tøybleiemamma? sa...

Hva er det du skal sy av det fine stoffet da?

Ragnhild sa...

Takk, Torunn:-)

Kine: Kjøpte det på Sjarm på Grünerløkka her i Oslo

Tøybleiemamma: Den som ventar, får sjå ... Er ikkje heilt ferdig enno.