4. mai 2011

Smekke

Då har eg sydd mine første smekker til to nye verdsborgarar. Superenkelt! Eg brukte ei anna smekke som mønster, klipte ut i mjuk voksduk (dvs. det er ein slags bomullsduk med voksaktig belegg) frå Kremmerhuset (kan vaskast på 40 grader i maskin) og sydde på skråband. Vips!
Eg tenkte eg skulle vera litt fancy, så eg sydde med lilla tråd på kvitt skråband. Ikkje lurt dersom ein er ei utolmodig syerske, for det er fort gjort å sy litt stygt i svingane, og det blir supersynleg. Så eg måtte rekka opp litt her og der, og det blei litt krøll.
Men alt i alt var det veldig enkelt, og ikkje minst var det kjekt at det gjekk så fort å sy. Eg sydde ei smokkesnor også, men ho gløymde eg å ta bilete av. Eg får sy fleire smokkesnorer og hugsa å ta bilete. Og eg må nok gje dei bort, for poden her i huset er ikkje så interessert i smokk lenger.

4 kommentarer:

Regine sa...

Så flink du er, det blei jo kjempefint :)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Den ble fin! Hmmm... noterer meg at jeg ikke skal prøve meg på kontrasttråd på symaskina med det første... :-D

R sa...

Takk og takk! Smekka blei ganske fin, ja. Kontrasttråd er i alle fall ei utfordring når ein syr med kontrastband i svingar. Det går heilt sikkert fint når ein berre syr rettsøm i strak linje:-)

R sa...

... når ein syr med kontrastTRÅD, meinte eg sjølvsagt å skriva:-)