1. mai 2011

Pledd på pledd

Etter at vi fekk baby i hus, er dette noko vi har brukt dagleg:
Nemleg ullpledd! Det kvite pleddet blei strikka av ei venninne, og det er strikka i babyull, trur eg. Dette pleddet brukar vi ofte å leggja på madrassen i senga til poden, og så ligg han oppå. Det gråblåe pleddet har svigerinna mi hekla, og det er eit veldig varmt, men samtidig luftig pledd. Det brukar han som dyne i senga, og det held seg fint på plass fordi det er såpass tungt. Han har aldri brukt vanleg dyne. Det lyseblå pleddet er strikka av søskenbarnet mitt, i mønsteret med det talande namnet sjøsprøyt, og det brukar vi i vogna no når ullposen har blitt lagt vekk, saman med det lysegrøne pleddet (som er strikka av far i huset).

Vel, slik blir pledda brukte no for tida, men dei har hatt ulike bruksområde opp gjennom. Dei har blitt brukte vekselsvis inne og ute, i senga, i bilen, som ekstra polstring i vogna på kalde vinterdagar, som sitjeunderlag, som leike (kvar er mamma? titt-tei! ...), som varmekjelde for meg på kalde trilleturar .... Bruksområda er uendelege! Så ullpledd er rett og slett blitt ein suksess, og det beste av alt: Dei blir aldri for små, slik som klede blir. Desse kjem vi til å bruka lenge. Likevel drøymer eg om å strikka eller hekla endå eit pledd, og til det har eg ein vag idé om å bruka restegarn. Tida vil visa!

5 kommentarer:

Linda sa...

Alltid kjekt med tepper. Og det er ikkje hjelp i med berre eit :) Godt å ha fleire...

Marit sa...

Så herlig kombinasjon av tepper! Nei, får ikke nok av sånne. Tenk at pappa i huset har strikka teppe! Det står det respekt av. Likestillinga har kommet langt i Norge (burde kanskje sagt noe litt krassere på en 1.mai...)

Heidi / I'm with Leia sa...

Så hyggelig å høre - det skal jeg huske på - skriver liste over alle de tingene som er kjekt å ha når det kommer en lille i huset.

Ragnhild sa...

Linda: Ja, pledd er dig!

Marit: Hehe, ja, likestilling når det gjeld akkurat dette pleddet, ja;-)

Heidi: Koseleg å laga liste over ting ein treng:-) Av og til finn ein ut i ettertid at det var masse ein IKKJE trong ... Men pledd treng ein!

Tøybleiemamma? sa...

Ikke værst å ha teppe strikka av far ;-)