16. mai 2011

Morgondagens kjole med blome

Dette er den andre 17. mai-en på rad at eg ikkje skal bruka bunaden min. I fjor var eg jo megagravid, og i år orkar eg rett og slett ikkje tanken på kombinasjonen bunad og ekstremt nyfiken gut som vil eta på og utforska alt. Eg måtte ut på kjolejakt, og på H&M fann eg ein utruleg søt, blomstrete kjole! (Sikkert ingen andre som har funne den same ...) Han var nesten like fin som bunaden min.
Kjolen ser litt sånn posete og rar ut der han heng, men han er finare når han heng på ein kropp, altså. Vurderer å bruka eit smalt belte rundt livet for å få meir fasong, men er ikkje heilt sikker. Eg brukar alltid å gå i meir figurnære kjolar, så dette var eit uvanleg kjoleval til meg å vera. Men blomane var jo så fine! (Det er blomar på ryggen også!)

Og eg likte særleg detaljane på kragen:

Og så måtte eg jo sjølvsagt i veg og kjøpa fluffy garn (dvs. Vivaldi), slik at eg kunne strikka denne fine blomen. Det blei ikkje så bra med u-fluffy garn, fann eg ut.

Så no har eg festa blomen til jakka og er klar for 17. mai!

Ha ein fin 17. mai i bygd og by!

5 kommentarer:

Heidi / I'm with Leia sa...

Fin kjole og din sløyfe ble mye finere enn min...

Kos deg med 17 mai - her i Køben regner det med det blir nok noe feiring på meg likevel ;)

Torunn sa...

Fin kjole og sløyfe! Håpar dagen var fin!

Tøybleiemamma? sa...

Må jo vise bilder med kjolen på! Her har jeg ikke brukt bunaden på maaaange år. Men målet er at den skal passe til neste 17. mai

Ragnhild sa...

17. mai og regn er typisk norsk, så det passar jo eigentleg bra i Køben, Heidi:-) Håpar dagen var fin!

Takk, Torunn! Dagen var finfin!

Tøybleiemamma: Ja, eg burde jo det, men hadde ingen til å knipsa bilete av meg akkurat då:-)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Nydelig kjole og kjempesøt 17.mai-rose!

Kan tenke meg det er litt pes med en veldig nyskjerrig tass som skal se alt med fingrene :-D