7. mai 2011

Eit rop om syhjelp

Eg har blingsa ein smule på syprosjektet eg held på med, og som eg snart var i mål med til og med ... Hulk! Så no vender eg meg til alle flinke sydamer der ute og lurar på om det er mogleg å fjerna denne knappen på ein enkel måte, utan å øydeleggja verken stoff eller kroppsdelar? Plis sei ja!
Eg har nemleg plassert han feil veg ... Holet/låsemekanismen skal venda innover, ikkje utover. Veit ikkje kva eg tenkte på, men slik gjekk det. Eg har prøvd med saks og med tenner (!), men det gjekk ikkje. Så no er eg redd eg må øydeleggja stoffet. Det er altså selane på ei snikkarbukse til poden vi ser eit glimt av.

Og buksa blir superfin berre eg får denne knappen på riktig plass! Sjå så fine knelappar!

5 kommentarer:

BenteOO sa...

hm - du kjenner ikkje nokon med eit godt utval av små tenger?

Kort og Søm sa...

Jeg har brukt en stor avlitertang, (en som møtes som en klo, om du skjønner hva jeg mener...? :O)
Klem forsiktig under knappen mot stoffet, så kan du "vippe" den av. Men vær oppmerksom på at det kan bli små hull i stoffet. Om det er små hull kan du prøve å dra/bevege stoffet litt mellom fingerne, så kan de små hullene bli borte om det er bare trådene i stoffet som har blitt forflyttet. Om trådene har røket, så blir det nok et lite hull.
Det kan du jo lappe på ved å skryke på noe bak slik at det ikke rakner mer. Eller sy over.

Håper dette kan hjelpe litt :O)

Ragnhild sa...

Dårleg med tenger og slikt her i heimen, diverre:-( Men takk for tips! Sambuaren hadde også eit tips: stikka innom ein skreddar og spørja pent om dei kan fjerna knappen. Kanskje eg går for den:-) Då kjenner eg meg litt tryggare på at stoffet ikkje blir alt for mykje herpa, i alle fall.

BenteOO sa...

og husk ved høve å stikke innom Biltema eller Clas Ohlson eller ein slik plass som har rimeleg verktøy i kategorien "ikkje så ofte i bruk at det vert utslite" - og handle eit par små beredskapstenger - for du skal vel sy meir?
utvalet er stort: http://www.biltema.no/no/Verktoy/Handverktoy/Tenger-og-Sakser/
(ps. eg høyrer til den sorten som er med på Biltema...)

Ragnhild sa...

Takk for tipset, Bente! Men no har eg fått fiksa det! Skreddaren tok grep og gjorde det på null komma null. Utan å skada buksa + gratis:-)