Ute er det 12 minusgrader, sol og alt for mykje snø. Medan gutane har vore ute og trilla, har eg vore heilt åleine med det første syprosjektet mitt sidan fødselen. Endeleg! Og eg rekk til og med og blogga om det. Juhu! Eg har sydd ei baggy brok i storleik 1 år:
Stoffet kjøpte eg på nettet for eit par år sidan. Det er frå Robert Kaufmann, og dei har berre sååå mange fine, fargerike og glade stoff!
Mø! Mønsteret til buksa kjøpte eg på Panduro for ei tid sidan. Det er frå Minikrea.dk og er mønster nr. 20300 på denne sida. Det finst vel ikkje noko enklare ein kan sy enn dette. Eg klipte ut dei to (!) mønsterdelane og stoff i går kveld og brukte to timar på å sy i dag. Er ikkje heilt ferdig med strikka, for eg må tilpassa dei til guten, og han har ikkje kome heim enno.
No skal eg avsløra ein dårleg eigenskap eg har: Eg rotar vanvittig medan eg syr. Eg er så utolmodig etter å bli ferdig at eg ikkje orkar å rydda etter kvart som eg blir ferdig med ting og tang. Eg orkar ikkje ein gong å rydda vekk rotet som ligg på syplassen før eg går i gang! Slik ser det ut på stovebordet nett no:
Og det er nok sannsynleg at bordet blir sjåande slik ut ei stund til. Håpar det er fleire som har det slik ... Uansett, viss denne buksa sit fint, har eg tenkt å sy ei slags fest-posebukse også i same mønster, i einsfarga lin. På bordet er det mogleg å skimta eit anna syprosjekt eg har tenkt å gå i gang med. Og som eg håpar kan passa til den eventuelle linbuksa.
Eg oppdaterer vonleg med eit bilete av guten i den nye buksa. Ein veit jo aldri. Kanskje eg ikkje får buksa over stumpen ein gong ...
4 kommentarer:
Super bukse!
Jeg har et stort arbeidsbord på over to meter...som ser sånn ut (nesten) hele tiden :O)
God søndag!
Så fin de ble - hyggelig å setet seg ved symaskina igjen kan jeg tenke meg :)
Ha en fin morsdag!
klem fra meg i København - der de første vårblomster har tittet frem....
Kort og søm: godt å høyra at det er fleire som rotar;-)
Heidi: Takk! København er byen sin!
awesome pant...***
to get more design in weaveron textile click on this link....:http://www.weaveron.com/
Legg inn en kommentar