7. desember 2010

Tips til miljøvenleg moro!

I år gjer eg noko heilt nytt når eg pakkar inn julegåver. Det er heilt genialt og veldig moro. Eg har masa meg til å pakka inn gåvene frå mannen i huset også, berre fordi det er så artig. For å oppleva den same moroa gjer du dette:

1. Ta ein bunke med blad (eller magasin, som det heiter på fint) som har samla seg opp over lang tid. Jo fleire reklamar i bladet, di betre. Det eignar seg ikkje så godt med seriøse blad som Mat og Helse og slikt. (Dersom du då ikkje vil dela ei god matoppskrift eller ein god artikkel, noko som jo faktisk er ein ganske god idé, når eg tenkjer meg om.) KK er heller ikkje heilt optimalt. Costume er ganske bra. (Eg anar ikkje kvifor eg har kjøpt det.) Men det aller beste er dersom du har Elle liggjande. Det er heilt perfekt! Eg fann utruleg mange useriøse sider i eit svensk Elle eg hadde liggjande.


2. Så kjem den artigaste delen: Vel deg ut ei julegåve du skal pakka inn og tenk på den som skal få gåva. Gå på jakt i blada etter innpakningspapir som du trur kan passa. Dersom du skal gje til ein unge, ikkje vel bilete av nakne lår, f.eks. Eg tykte særleg det var moro å føreslå totalt upassande innpakningspapir til gåvene eg skulle pakka inn frå mannen i huset. Enkle gleder.

3. Mange av reklamefotoa i useriøse blad er veldig fine. Det er lekre fargar, fint lys, skarpe detaljar og få element. Dessutan er bileta veldig retusjerte. Ergo: Julegåvepapir med nissar og englar kan ikkje slå denne vakre dama som eg kom over i kveld:
Ho ville eg ha utanpå gåva til mi gode venninne Inger. Det var ikkje humor som låg bak valet, eg tykte berre det var eit vakkert foto med fine fargar. Det ville vera direkte gale å ikkje gjenbruka denne dama.

4. Pakk inn gåva. Pass på at det du vil framheva på biletet, kjem tydeleg fram. Her kan det vera snakk om millimeterpresisjon! Veldig teit dersom andletet til den fine dama hadde blitt delt i to. Dersom du skal pakka inn i ei større gåve, teip saman to sider før du pakkar inn. Mange reklamar går over to sider, så det er ikkje noko problem. Det mest optimale er dersom gåva er hard, dvs. dersom du har lagt gåva i ei eske. Då kjem motivet betre til sin rett. Eg har pakka inn mange gåver no og er direkte overraska over korleis reklamesidene endrar seg og blir fantastisk flotte utanpå ei gåve.

Bruk gjerne hyssing til å ha rundt + miljøvennlege lappar. Eg likar best lappar utan tekst, slik at eg slepp å laga ein runding over a-en i "fra", og slik at eg kan ha på den pynten eg vil – i dette tilfellet eit hjarte, som friskar opp den alvorlege mina til dama, og som står fint til kåpa på baksida av gåva. Men eg likar også godt klistrelappar, for då slepp ein eigentleg å ha hyssing rundt. Eg brukar klistrelappar som eg får gratis i posten frå SOS Barnebyar og diverse andre organisasjonar. Det er berre tull å kjøpa lappar når ein får gratis i posten. Dessutan er dei veldig fine!

Eg hadde uansett tenkt å kasta blada. Og mottakaren av gåva kjem til å kasta papiret. Men likevel har eg forlenga levetida til søppelet. Eg har brukt det på nytt. Og det kjennest veldig godt ut! Og det beste av alt: Eg har nok blad til å pakka inn gåver i mange år framover. Ikkje berre julegåver, men alle andre gåver også.

7 kommentarer:

Lene sa...

Veldig lurt:) Dette skal jeg også gjøre!
Ha en fortsatt fin adventstid!
Lene

Torunn sa...

Artig! :) Ha ei fin adventstid.

Frk.Fjong sa...

Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Rangla sa...

Fin-fin idè! Morsomt å lese at du plar lage ein runding over a'en i "fra". Det driv nemlig eg òg på med... Og føretrekk - som du - lappar utan tekst. Ha ei koseleg førjulstid, Ragnhild!

Frk.Fjong sa...

Hei hei!

Du er automatisk med i min GIVE AWAY siden du følger bloggen min, kanskje du vil gi meg en lyd om hvilken gave du helst vil ha, evt om du ønsker flere lodd?

Ha en finfin helg!

Hilsen Frk.Fjong

Ragnhild sa...

Fin adventstid tilbake!:-)

Fivrel sa...

LURT! Eg har mange blad med dyrebilete heime (td Buskap, som tom. har ei skikkeleg midtsidepike i kvart nummer - superstyla, strigla, spraya og med framhevande glans på juret (ja, for det er jo ei NRF-ku :-)

Bondevennen, Samvirke, Bedre Gardsbruk osb gjev perfekte innpakningar til mannlege familiemedlemer og vener - med friske fargar, iaugnefallande detaljar - oftast med traktorar og andre landbruksmaskiner i sentrum :-)