12. februar 2010

I mål med babybukse!

Då er eg ferdig med mitt første syprosjektet frå boka Barnetøj du selv kan sy 0–4 år. Boka er frå 1979, så dette er 70-talshimmelen, altså!

Eg har sjølvsagt dokumentert litt av prosessen. Det som er bra med denne boka, er at ho inneheld  enkle og forståelege mønster. Og så er kleda superfine, sjølvsagt. Eg sakna litt meir detaljerte forklaringar av og til, men eg er jo ingen proff, då. Det var buksa til den vesle guten på biletet som var målet.

Eg valde meg eit turkisrutete bomullsstoff (bombe) som eg har kjøpt på Stoff og stil. Stoffet er litt ruglete å ta på, og det likar eg.

Syinga gjekk som ein draum heilt til eg skulle sy på skråband. Dvs. til eg skulle sy på skråband i ein sving! Det var ikkje lett å få fint, og eg er jo ei utolmodig sydame. Men det blei da ikkje så aller verst. Eg hadde berre mørkegrønt skråband liggjande, og det er eldgamalt! Fann det i ein uopna pakke i syskrinet til mamma, som det stod "S-laget 12.90,-" på. Det hadde slett ikkje gått ut på dato!

Eg trur kanskje det ville blitt enklare å sy med breiare skråband, men smale skråband blir jo veldig fint.

Ok, eg hoppar over den kjipe prosessen med å sy knapphol, montera strikk i føtene og trykk-knappar i skrittet. Det tok eg faktisk ikkje bilete av ein gong. Trykknappane var veldig vanskelege å montera fint. Eg sydde i fire stk. Neste gong skal eg bruka trykknappar som ein slepp å sy fast, dvs. slike. Nokon som har erfaring med å montera desse? Resultatet blir vel finare, eller hur? 

 Eg sydde i nokre lysegule knappar sidan fargekombinasjonane allereie var litt snåle.

Og tadaaa! Her er den ferdige buksa. Eg er ikkje heilt nøgd med alle sømmane, men heldigvis trur eg dei fleste av dei er usynlege. Og no veit eg kva det er lurt og ikkje å gjera neste gong. For det er nok ikkje siste gongen eg syr noko frå denne boka!

10 kommentarer:

Nina sa...

Så utruleg fin! Superfine knappar! Og saumane dine ser betre ut enn 1. gong eg laga noko liknande. Å sy på banda er eit lite helvete, men neste gongen blir dei alltid finare.

Mette sa...

Heilt herleg Ragnhild.

Midtbo sa...

Kul bukse! Fikk den boka til jul, så nå fikk jeg litt inspirasjon til å komme i gang. Slå-i-knapper går som en drøm i forhold til sy-i-knapper. Det følger med et sånt lite verktøy, så er det bare fram med hammeren og slå i vei! Om du skulle ha noe frustrasjon på lager, kan du få det ut i samme slengen.

Kort og Søm sa...

Kjempe søt bukse!!
Kan anbefale den boken, mye bra der! Fint med litt oppfrisking av kunnskap, og den kommer til å fungere bra som et oppslagsverk.

God helg :o)

Ragnhild sa...

Så fint å få slike kommentarar frå sydamer som er proffare enn meg!:-)

Takk for tips om slå-i-knappane! Eg skal definitivt kjøpa dei, altså.

Og Søm-boka skal eg definitivt kjøpa ...! :-)

wine-fueled narcissism sa...

SÅ fantastisk fin! :)

Ingvild Aursøy Måseide sa...

Superfin bukse! Eg er råimponert :)

Strikk og tøys sa...

Så nydelig og knalltøff bukse! Jeg må sjekke ut den boka.

Torunn sa...

Knallflott!!

Ragnhild sa...

Takk for kommentarar!:-) Ja, eg kan tilrå boka, Strikk og tøys!