20. februar 2010

Baggy bukse

Då var eg ferdig med endå eit strikkeprosjekt frå Strikk til nøstebarn. (Det er oppskrifta på bukse med selar 0–1 år.)

Dette prosjektet har teke litt tid. For det første skulle eg eigentleg strikka ei heilt anna selebukse enn denne, men eg byrja på feil oppskrift. Då eg innsåg feilen, hadde eg strikka såpass langt at eg ikkje gadd å rekka opp. Men eg mista motivasjonen for å halda fram, så strikketøyet blei liggjande. Eg tok det fram att, men då var eg ikkje heilt nøgd med fargekombinasjonane, så eg greidde ikkje å strikka så mykje. Men så var eg så heldig at eg kom over nokre kjempefine ugleknappar som eg såg ville passa veldig godt til buksa, og då kom motivasjonen for å fullføra prosjektet, attende.  

Eg likar den baggy stilen, sjølv om buksa ser litt rar ut på biletet. Eg trur ho blir veldig stilig på ein baby (sjølv om eg er litt usikker på funksjonen til selane – dei ser så smale ut). Nokon som har testa ut plagget på ein baby? Det ser i alle fall ut til å vera god plass til bleier!  

4 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Syns den var kjempe fin!!
Og de knappene var superkule.
Ha en fin søndag :o)

Midtbo sa...

Buksa ble veldig stilig! Jeg har ikke strikka den selv, bare sett den i nøstebarnboka. Fint med god plass til de små. Ugleknappene gjorde fargekombinasjonen smashing!

MagFly sa...

Stilig. Eg har ikkje prøvd akkurat den buksa, men den ser ganske god ut (med og utan selar :-) )

Ragnhild sa...

Takk:-) Ja, det er knappane som gjer at buksa blei fin å sjå på. Dei er prikken over i-en, rett og slett:-)