20. september 2009

Ei slags bokmelding

Mannen i huset kom heim med ei bok til meg som han hadde kjøpt på sal. Han rekna med at temaet var interessant for meg, og det hadde han jo rett i. Boka heitte Klær – fra kast til bruk, gjeve ut av Boksenteret Erik Pettersen & Co. AS i 2008. Boka handlar om korleis ein kan gjera om gamle plagg til nye, noko eg jo har stor sans for. Eg har ikkje lese så mykje i boka enno, for det var bileta som fanga meg. Og kleda. Eg har aldri sett på makan til merkeleg gjenbruk av klede som er fotograferte på ein meir uproff måte.

Lat oss byrja med framsida av boka:

Eg greier ikkje heilt å setja fingeren på kva som er feil her, men det er noko rart. Det første eg tenkjer, er fint golv! Blikket glir frå golvet mot dei knallraude stiletthælane (stiletthælar går att gjennom heile boka). Og til noko som ser ut som ei tatovering på den venstre ankelen til modellen. Blikket vandrar vidare oppover dei veldig lange føtene og til det vesle som er av klesplagg. Ein minikjole laga av ... ullgenser? Og deretter ser eg blikket til dama, men ho møter ikkje mitt. Det er akkurat som om ho ikkje veit om ho skal lena seg framover eller retta opp ryggen, og resultatet blir ein slags mellomting. Litt sånn Mette-Marit-kroppshaldning. Jaja, eg tippar formgjevaren blei ganske så nøgd med den raude tråden (ha-ha) som går att, i alle fall. Og: Dette er nok det beste biletet i boka. Eit pluss: modellen smiler, noko slett ikkje alle modellane i boka gjer. Forfattaren stiller opp som modell over fleire sider, og ho ser rett og slett sur ut.

(Jepp, forfattaren av boka til venstre på biletet.) Og med dette biletet er vi over på vinnaren i kåringa av det minst brukarvenlege plagget i boka, nemleg ... tadadataaa: strikkakragen!

Kommentarar er vel overflødige, anna enn at ho skal ha kred for å ha brukt kvar ein tråd i det som opphavleg var ein genser. Kragen og toppen til høgre er nemleg frå den same genseren. Kragen og toppen kan sjølvsagt setjast saman til eit nytt plagg igjen:


Kremt. Eg forstår ikkje heilt kvifor plagga er sette saman til EITT plagg når det står ei slags åtvaring om dette i boka: En voldsomt mønstrete genser blir to morsomme plagg, men bør kanskje brukes separat. Kvifor er då dette biletet med? Til skrekk og åtvaring? (Hovudproblemet er vel kanskje at plagga ikkje tek seg bra ut verken saman eller separat ...)


På ein god 2. plass i kåringa av det minste brukarvenlege plagget har vi slipskjolen! Det er sikkert mange overflødige slips der ute som fortener eit nytt liv, men eg er redd for at slipskjolen også kan koma til å bli overflødig ... Så kanskje ein rett og slett berre bør levera alle slipsa til Fretex i staden?

Døme på slipskjolesnitt og dårleg mekking av svart bakgrunn (dårleg Photoshop-arbeid). Det slår meg at det nok er ein fordel å bruka lange slips når ein lagar slipskjole.

På ein veldig god 3. plass i kåringa kjem strømpebuksekjolen! Hm, kjem han til å vara like lenge som ei strømpebukse også? I så fall blir det vel berre bruk og kast på nytt? Og korleis i alle dagar kan nylonstoff makta å halda på plass puppane? Her trur eg vi burde ha fått sett kva som skjer når modellen røyver på seg. Dessutan: Når ein skal sy i stretch-materiale (gjeld også strikkaplagg), må ein ha overlockmaskin, og det er noko dei aller færraste har. Så dette plagget er altså for dei proffe syarane? Vil dei sy ein slik kjole? Eg har mine sterke tvil.

Det var topp 3, men det finst veldig mange andre plagg som burde ha vore med. Eg høyrest kanskje negativ ut. Det er jo fine plagg i boka også! Problemet er ofte at plagga ikkje kjem til sin rett fordi modellen har ein uheldig positur, og/eller fordi bakgrunnen er forstyrrande. Det er veldig ofte nedtagga veggar med på bileta. Altså hærverk. Eg ser at bileta er tekne på Sofienberg/Grünerløkka, og eg har gått i desse gatene mange gonger. I området er det SÅ mange fine plassar ein kan ta bilete på, så kvifor velja taggeveggar som bakgrunn? Nokre av bileta er rett nok tekne ved Akersleva, men i alt for sterkt sollys.

Her ser vi døme på ein ikkje så aller verst kjole som ikkje kjem godt nok fram på grunn av stygg bakgrunn og uheldig positur (er det føtene eller kjolen som er det viktigaste å få fram?):


På vaskeseddelen til boka kan vi lesa dette: Innen redesign er alt lov, og alt er mulig! Ja, det er sikkert og visst. Men er det slik at alt som er lov og mogleg, bør ut i bokform? Bør ikkje redesign gje inspirasjon til å gå i gang med kreative prosjekt? Eg blir faktisk ganske irritert av denne boka (sjølv om eg må le òg), for ho seier at gjenbruk er unødvendig. Kven vil vel gå i gang med å laga seg strikkakrage, slipskjole eller strømpebuksekjole når ein kan skaffa seg det ein treng på H&M for ein billeg penge? Eg berre spør. Og boka gjev ikkje svar.

6 kommentarer:

Mette Løkeland sa...

Herregud kor vanvittig, For ei perle av ei bok. Er det liksom retro og gjenbruk å nytta stiletthelar, amatørfotografar og modellar som likevel har modellfasong....

rypa sa...

Eg ler meg i hel. Den framsida er retro på ein vanvitug uproff måte. Når er boka frå?

Godt å sjå at det er litt sprut i deg, trass i lærargjerning.

rypa sa...

2008, no las eg det (eg var så ivrig etter å sjå bileta). Fantastisk.

Ragnhi sa...

Boka er heilt fantastisk ... dårleg. Men samstundes utruleg festleg å bla i. Det finst endå fleire perler i henne, altså! Og det er jo heilt utruleg at ho kom ut i 2008.

Signhild sa...

Eg trefte ei gong ei dame i Kristiansand som gjekk rundt i slipskjole. Ho kledde virkelig den kjolen, og eg har igrunnen hatt den i tankane ganske ofte sidan, rett og slett fordi den var skitkul. Men når eg ser den same kjolen på bilde i boka di, kjenner eg at mitt positive bilde av slipskjole nok er ein smule øydelagt. Ho eg trefte kledde kjolen fordi det stod i stil med hennar halv-opprørske personlegdom. Modellen i denne boka, derimot, freister å bere han som om ho skulle på galla. Arg.

Ragnhild sa...

Haha, eg visste ikkje at det fanst slipskjolar der ute i verd:-D Passar sikkert bra til opprørsk stil, det kan eg sjå føre meg.