10. juli 2009

Stockholm!

Stockholm. Kvar gong nokon nemner byen, tenkjer eg automatisk på drapet på Olof Palme 28. februar 1986. Det er rart korleis denne hendinga klistra seg fast til netthinna mi og berre blei der. Eg hugsar nyhendene og alt snakket om kven som kunne vera mordaren. Eg lurte mykje på kven han var, og kvar han var. Som 11 år gammal jente i ei lita, trygg bygd blei Stockholm for meg ein skummel by, der ein farleg mordar gjekk laus med pistol på innerlomma og kunne skyta kven som helst.

Ok, det er på tide å få litt andre førestellingar om byen. I dag reiser vi på impulsiv tur til denne skumle byen i aust, der det er meldt sol og finvêr og alt ligg til rette for å nyta at det er FERIE. Gler meg!

Ei skummel bakgate i Stockholm, som kanskje ikkje er så skummel likevel. Kjelda til biletet ligg her.

1 kommentar:

Kjersti Marit sa...

Dette er nok i "Gamla Stan". Stockholm er ein nydeleg by og har heilt klart gjort seg fortent til namnet "Nordens Venezia". Kos deg