24. juli 2009

Nye kreative prosjekt



Eg har surfa rundt på nettsidene til Garnstudio, og som vanleg har eg funne mykje fint eg har lyst til å laga ... Den hekla kyllingen ser ut til å vera eit glimrande restegarn-prosjekt. Eg har ein del bomullsgarn liggjande, og det er jo berre å bruka fargar i hytt og pine, alt etter kva ein har liggjande. (Men det blir ingen rosa kyllingar, nei. Kyllingen kan jo ha grøn kjole, t.d.). Genseren vurderer eg å strikka til mamma. Eg elskar raglanfelling og mønster heile vegen, så det ser ut som eit kjekt prosjekt.

4 kommentarer:

Torunn sa...

Flotte prosjekt!! Mor di har ei snill dotter som har tenkt å strikke gensar til ho. Heldige ho. ;) Lykke til med prosjekta og ha ein flott søndag.

Ragnhild sa...

Takk for det!;-)

Kort og Søm sa...

Den genseren var fin, sånn kunne jeg ha tenkt meg faktisk.. :o)

Ragnhild sa...

Ja, eg også kan faktisk tenkja meg genseren;-) Han finst som jakke og som korterama trøye òg, trur eg.