
Livet er for kort til å ikkje ta i bruk alle fargane i regnbogen i klesvegen. Eg utvidar repertoaret mitt. No er det slutt på å kjøpa berre grønt, blått og turkis! Eg trur jo framleis eg har raudt hår, og at eg difor ikkje passar i raudt, lilla, ferskenfargar, osv. Men sidan alle påstår eg har blitt blond, tek eg sjansen på å vera litt kreisi. Biletet lyg litt, for sjalet er lyselilla og ikkje rosa, som det kan sjå ut som – men det er nokre rosa blomar der, då. Eg må berre understreka at rosa er akseptert i smååå mengder, så lenge det ikkje er ein dominerande farge. Rosa er vi imot, på eit generelt grunnlag.
2 kommentarer:
Hoho! Eg er for rosa, på generelt grunnlag. Men ikkje til små jenter. Men har ein hatt ein oppvekst i brun fløyel og oransje bomull er alt lov!
NinaT
Samd i det, Nina:-) Og det finst veldig mange ulike nyansar av rosa som er akseptert. Den verste nyansen er den nyansen som lyser mot deg i diverse babyklesavdelingar.
Legg inn en kommentar