31. mai 2009

Eit impulskupp!

I går hadde eg bror på besøk, og etter at vi hadde vore innom fotobutikken Fotovideo og konstatert at "Norges største fotobutikk" definitivt ikkje er den beste fotobutikken, gjekk vi spontant innom UFF i Storgata for å sjå på bruktklede. Og DER fann eg ein fantastisk kjole til 200 kr! (Konsulenten min, Herr Bror, tykte han var kjempestygg ... dårleg smak) Sjekk da:

Til forskjell frå mange gamle bruktkjolar er han ikkje laga av tjukt, syntetisk materiale. Han er laga i eit superlett og fluffy tøystoff, perfekt til varme sommardagar! Og fargane er jo dritfine! Anar ikkje kva tøystoff det er, for han inneheld ingen vaskelapp. Dette er nemleg ein heimesydd kjole! Det er lett å sjå på saumane også. Endå ein grunn til at eg fall pladask. Kven har sydd denne kjolen? Kven har brukt han? Eg trur syerska har sydd ein del, for det er nøyaktige saumar. Og kjolen ser velbrukt ut, utan at han er utsliten.

Det er knyting bak:
Eg må sy han litt inn i sidene, og så må eg leggja han opp 5 cm, men det er no det minste problemet. Han er perfekt!

Ein detalj frå bringa:


Eg har eigentleg aldri vore særleg hypp på å sjå ut som ein sommarfugl, men desse ermane godtok eg, trass i at det er hakket før ein lettar i kjolen. Eg likte veldig godt det høge, stramme livet i kombinasjon med ermane. Herleg snitt, rett og slett! Og tanken på at ein SÅ fin heimesydd kjole lever vidare, er sjølvsagt den aller beste!

5 kommentarer:

Anonymous sa...

Flott kjole - gler meg til å sjå deg i han :)

K.

smileull sa...

Oi, morosam kjole! UFF har mykje artig. Er for øvrig glad i Fotovideo, men god tid, det må ein ha. :-) Det skjørtet eg sydde - det er ikkje fora, men eg har laga eit belegg øvst langs livet, kanskje 5 cm breitt, for å få det litt meir stødig. Er jo tynt og utvaska stoff. :-)

Gudrun sa...

Fin kjole! Men kvifor seier du tøystoff og ikkje til dømes stoff eller tøy? Det har eg lurt ein del på. Er det det som er vanleg i Aure? Eller er det for at ikkje folk skal tru du snakkar om narkotika?

Ragnhild sa...

Eg veit ikkje, Gudrun, eg har ikkje tenkt over det. Det er nok ikkje eit omgrep frå Aure, kanskje heller frå handarbeidsblad, -bøker og -nettsider eg er innom dagleg:-)

Torunn sa...

Fin kjole! Så kjekt å gjere slike kupp!