11. mai 2009

90-talet

Det er på tide å ta føre seg 90-talet! Og kva er vel meir relevant då enn å sjå litt nærare på strikkemoten? Drops (Garnstudio) er ein fantastisk nettstad. Der ligg det samla gratis strikkeoppskrifter frå langt tilbake på 80-talet og fram til i dag. På 80-talet kom oppskriftene ut i hefte, og eg hugsar enno korleis eg bladde og bladde og drøymde om å eiga alle dei pastellfarga gensrane strikka i Muskat-garn (tynt bomullsgarn, omtrent det einaste eg hadde høyrt om). På nettstaden fann eg genseren eg byrja å strikka på i 1988–89 (og som eg aldri blei ferdig med)! Ok, vi må berre ta ein kikk på han først, då:

Eg bytte ut det grøne garnet med lyseblått og det lilla garnet med rosa (eg trur det var pga. at det var det garnet som var tilgjengeleg i garnbutikken) ... Eg hugsar eg likte genseren fordi han såg så firkanta ut. Hahaha! I motsetnad til denne her, som hadde ein litt rundare fasong, på fleire måtar:

Uansett, dette skulle handla om 90-talet (dvs. tidleg 90-tal, sånn ca. 1993). 80-talet blir jo direkte keisamt i samanlikning. Bort med pastellar, inn med sterke fargar, helst alle samstundes og i merkeleg miks. Gensrane skal helst gå nedanfor ræva og ha ein uformeleg fasong. Litt sånn boys cut. Og du skal helst sjå 10 år eldre ut. Check it out:



(Alle bileta er frå Drops Garnstudio.)

Og det mest fantastiske av alt: det er mogleg å strikka gensrane den dag i dag! Garnfargane finst framleis, og oppskriftene ligg ute gratis, som sagt. Eg berre elskar når teknologien spelar på lag med nostalgien på denne måten!

2 kommentarer:

Cathrine sa...

Hei Ragnhild :)

Flott blogg du har :) Selv skulle jeg ønske jeg var flinkere med hendene mine, men den gang ei.

Jeg har skrevet om svømming på bloggen min og tenkte jeg skulle si fra i, og med at du hadde noen spørsmål om dette :)

Ha en flott torsdag

C

Gudrun sa...

Eg elskar nittitalet! Då kjende eg meg litt avantgarde.

Ein gong såg eg på "What not to wear" på TVNorge om ei dame som berre gjekk i stygge klede frå åttitalet (dei laga også stygge klede då), fordi det var då ho var lukkeleg, ho hadde til og med på gifteringen etter mannen som ho hadde vore gift med då. Det var ein utruleg gripande episode, og enda sjølvsagt med at ho tok av seg gifteringen og gjekk på puben med veninnene sine i Britney-jeans.