28. februar 2009

Tilbake til 70-talet

Ingen tøystoff anno 2009 kan måla seg med dynetrekkstoffa frå 70-talet. På fine, fine Sømmelig er det mogleg å kjøpa gamle dynetrekk og putetrekk, og i tillegg kan ein gå på sykurs i dei same lokala og læra å sy klede av dei herlege tøystoffa. Her om dagen var eg på kurs der (i søm av barneklede) halde av ei som kan sine sysaker, og dette blei resultatet:

Herleg, ja? Det er ein kjole i storleik 2.5–3 år, noko eg ikkje heilt kan forstå, for eg fekk han på meg før eg sydde i strikka (passa meg som bluse, ikkje kjole, altså;-)). Det er med andre ord ein veldig baggy kjole for ein liten unge, dette, men det er jo eigentleg berre fint. Eg sleit ganske mykje med å sy i strikken rundt halsen. Hadde aldri gjort det før, og det var vanskelegare enn eg trudde. Så halsstrikken blei ikkje så veldig fin, men då lærte eg i alle fall kva det innebar å sy i strikk! Kjekt å vita til ein annan gong.

Sukk, eg berre elskar dei gamle dynetrekka frå 70-talet! Dei er mjuke og gode å ta i etter mange års bruk og perfekte å sy nye plagg av så lenge dei ikkje er tynnslitne. Fargane er uimotståelge, og mønstra er elleville. Eg har ein plan om å snoka i skåpa til mamma og pappa, for eg trur det gøymer seg mange slike skattar der.

Med det same vi er inne på kreisi fargar: eg trur eg er inne i ei oransje bølgje for tida. Her er eit glimt av strikkeprosjektet eg held på med nett no:
Det er altså noko til meg sjølv, og eg vonar eg rekk å bli ferdig slik at eg kan gå med plagget før våren kjem. Nett no sit eg og ser ut på den strålande sola og snøen som smeltar, så det ser ikkje heilt lovande ut. Og i morgon er det jo 1. mars og alt! Nei, strikkesesongen nærmar seg slutten. I mars skal eg starta sysesongen for alvor!

9 kommentarer:

Fivrel sa...

Det har du jammen rett i - det er ingenting som gamle dynetrekk! Men det er no synd å klyppe dei sund au, tykkjer eg, nettopp fordi dei er så utruleg mjuke og gode og nostalgiske å sove i. Men, det spørs om det spøkjer for i allefall eitt sett heime hjå mor og far - gult og oransje med store, runde, frodige blomar. Hadde vorte ein fantastisk fin vårtunika!

Ullvesten (eller -trøya) du held på med vert kjempefin, og ikkje minst super å ha på, det er eg viss på :-) Sprek farge! Og ære til deg som gidd å spite så lenge og langt i 2r2vr... ;-)

Kort og Søm sa...

Hei,
så fin kjole, supert stoff!
Ja, du har helt rett i at det er en stor og romslig modell, men det skal den være, det skal på ingen måte være ett ettersittende plagg.
(men hvis man vil ha den mindre det, er det bare å sy i mindre str :o)

Så bra at det gikk bedre å sy på strikken på ermene!

God helg, hilsen Fredrikke :o)

ragnhilda sa...

Fivrel: ja, eg er heilt samd i at det er fint å bruka dynetrekka som dynetrekk òg, men når formatet på trekka ikkje passar til dagens dyner, er det heilt fint å sy noko av dei;-)

2r/2vr går heilt fint når det er pinnar nr. 5. Går så fort at!

Kort og søm: takk! Og takk for god assistanse undervegs! Eg likar at kjolen er romsleg, eg gler meg til å testa han ut på barn i rett alder:-)

mamma sa...

Velkomen heim på snoking!

Tarjei Vågstøl sa...

Var det ikkje slik Kattvig starta opp?

ragnhilda sa...

Ja, det var kanskje det, Tarjei?:-) Katvig har i alle fall mange kule retromotiv på kleda sine. Dagny har kanskje lyst på ein slik kjole, forresten?;-)

Anonymous sa...

Fantastisk stilig! Du er FLINK!

Sjekk denne hjemmesiden for mer inspirasjon...
http://www.hobbyvimsen.blogspot.com/

Siri

Ugla sa...

Gjenbruk er bra. Om det er slite og ikkje kan brukast til det som det eigentleg var meint til. Eg har sengetøy frå 70-talet som framleis er i bruk; men no må eg kanskje passe på så ikkje nokre kjem i skåpet mitt og røvar dei gode, mjuke fargerike dynetrekka.

ragnhilda sa...

Ja, det er fantastisk med sengetøy frå 70-talet som framleis kan brukast som sengetøy. Det er jo så utruleg mjukt og godt! Eg har aldri funne noko sengetøy som er mjukare enn det:-)