1. februar 2009

Eit langvarig strikkeprosjekt i mål!

Ein skulle kanskje ikkje tru at det ville ta så veldig lang tid å strikka ein jakke i den mikroskopiske storleiken 3 md. Vel, eg har no innsett at det kan ta veeeldig lang tid. Eg har omsider blitt ferdig med ein omslagsjakke i storleik 3 md som eg byrja å strikka 1. januar (og eg har strikka ca. kvar dag sidan då, altså). Juhu!!!

Det som gjer at omslagsjakke er så tidkrevjande å strikka, er at han er tredobbelt så brei som ein vanleg jakke ... det var det eg ikkje heilt hadde forstått då eg byrja. Eg strikka med Nøstebarn-garn, og oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn.

Her ser vi det inste laget med dei inste snorene.

Og her er jakka når begge laga er bretta på plass.

Og til slutt - tada! - den ultravesle, dritsøte 10-dagar gamle jenta som jakka var til (jakka skulle vera ferdig til fødselen, men det gjekk ikkje, nei ...) Jakka ser lita ut på biletet, men ho er faktisk ikkje det, altså (ligg litt samankrulla). Jenta, derimot, er veldig lita.

5 kommentarer:

Anonymous sa...

Den vesle jenta er ultranøgd med det nye plagget, som praktisk nok kan brukast av 0-åringar òg. Herleg garnkvalitet og farge, seier ho i ein kort kommentar.

Fivrel sa...

Kjempefin jakke! Heldige vesle jenta :-) Eg og har strikka ei slik omslagsjakke, rett nok i natur og brun, og fann at løyndomen som gjer at strikkinga av dette tredoble plagget ikkje verkar så endelaus, er å berre strikke når ein gjer andre ting. Som når ein køyrer tog, ser på tv, er på kafé. Ulempa er sjølvsagt at ein må berekne tre ekstra månader... Som gjer at det går opp i opp... Men fint vert uansett resultatet, og varm vert ungen! :-)

ragnhilda sa...

Jenta har god smak!

Takk, fivrel! Og ja, eg strikkar når eg gjer andre ting. Det er då eg strikkar:-) Skulle ynskja det var mogleg å strikka på jobb!:-D

Fivrel sa...

Åh, veit du kva, Ragnhild? I heile dag har eg strikka på "jobb"! Og det var så gama, at eg no for ALVOR har innsett at eg er gal. Eller besatt, som iflg Hr. Rommetveit kan omsetjast til ifrå vitet/riv ruskande galen. Jaja.

Poenget er at eg har kurs i røntgen = førelesingar = sitje og sjå på bilete på skjermen medan førelesar fortel om dei, og berre notere innimellom = fullt mogeleg å strikke. Mykje! Eg kom mangfaldige cm vidare på den i utgongspunktet kjedelege kvite bolen, til genseren i lett-lopi som eg lagar til meg sjølv. Difor sender eg sterke vibrasjonar om at alle strikkegalningar snart må verte Bønhøyrde og få innkalling til møte der ein er passiv tilhøyrar og kan strikke td ei heil helg! Slik som på samlingane åt NMU i gamledagar :-)

ragnhilda sa...

Hahaha, då eg hadde avslutta omslagsjakka, kjende eg meg manisk: må finna noko nytt å strikka, må finna noko nytt å strikka ... og bladde rundt i oppskrifter og blei kjemperastlaus då eg la meg utan å ha eit nytt prosjekt på gang. Ja, då tenkte eg faktisk at eg måtte vera gal. Haha. Elles imponert over at du strikkar så store plagg som genser til deg sjølv! Eg er ikkje heilt der ... enno.