Oppsummering:
- Det er framleis artigast å renna ned.
- Og det er framleis artigast å skøyta framfor å gå i skisporet.
- Ski er framleis bakglatte. Grrr ....
- Ny oppleving: Det er upraktisk å ha med spegelreflekskamera (difor blir det mobilbilete i staden. Teitteitteit)
- Det er upraktisk med stavar som sit dønn fast i hendene. Eg kjøpte sånne stavar som ein klistrar fast til hendene. Vanvittig teit når ein skal ta bilete (med spegelrefleks), men veldig bra når ein skal skøyta.
- Det er ei merkeleg kjensle å gå utan ski etter at ein har teke dei av. Men akk, så godt!
- Kombinasjonen appelsin og ski har eg aldri forstått. Kliss og atter kliss.
- Det luktar skismurning av kleda, håret, pusten ... ja, alt! ... medan ein går, sjølv om det ikkje kjennest ut som om det finst smurning under skia.
- Eg må jo prøva å bruka skia litt no når eg har fått meg nye. Dei kan til dømes vera kjekke å ha når eg skal ein snartur på butikken:
2 kommentarer:
Grattis!
Takk! Lillomarka neste, kanskje?
Legg inn en kommentar