13. januar 2009

Prosjekt finlandshette

Eg har strikka ei finlandshette i eit garn som er fantastisk på mange måtar. (Det stod finlandshette i oppskrifta, men det er eigentleg ikkje det, vel?)
  • For det første: det er utruleg mjukt og godt å ta på og varmt å pakka rundt seg.
  • For det andre: tre kroner av det kvart garnnøste kostar, går til å finansiere internatskule for ungar i Andesfjella, der alpakkaen og garnet kjem frå. Garnet heiter Mirasol og er kjøpt på Du store alpakka.
  • For det tredje: det ser sikkert ut som om eg har strikka striper med ulike garnfargar, men det har eg ikkje. Det er eitt og same garnnøste som har laga dei fine stripene. Garnet er nemleg handmåla med ulike fargar i eit bestemt mønster, som gjer at det blir slik.
Eg gjorde noko genialt (trur eg): hekla på to små hemper slik at det skal vera enkelt å hengja opp lua når ho ikkje er i bruk.

Og eg trur ho som fekk lua, vart glad òg. Ho sa i alle fall "Oj!" då ho pakka opp gåva.

8 kommentarer:

Anonymous sa...

Du er so flink med strikketøyet! Ei slik finlandshette vil eg òg ha. Perfekt til sykling om vinteren! Og so ser ein litt stilig og tøff ut :)

K8-)

Fivrel sa...

Denne var fin! Og så artig at også du har fått auge og sansen for alpakkagarn, det er ein flott fiber. Og alpakkaen er eit utruleg tøft og sjarmerande dyr! Kjærasten min var på fjelltur i Peru i sumar, og eg berre elskar å sjå alle bileta av dei langnakka, grasiøse men samstundes noko komiske dyra. Når dei ligg, og vrir på den lange halsen sin for å sjå seg omkring, likar dei svanar i graset ;-)

ragnhilda sa...

K: ok!:-)

Å, eg skulle gjerne hatt ein alpakka! Sukk, eg får nøya meg med garnet;-)

Gudrun sa...

DAgny likar hua veldig godt, og brukar henne i barnehagen kvar dag. Det som òg er superbra, er at sidan det ikkje trengst noko knyting for at hua skal hanga på, kan ho ta henne av og på heilt sjølv. At dei går an å ta av og på sjølv er ein grådig fin eigenskap ved klede når ein er to år.

ragnhilda sa...

Så bra at Dagny er nøgd! Eg trur lua kan brukast neste år òg, ho er ganske elastisk. Dersom ikkje får nr. 2 overta henne:-)

hanne sa...

to 2-åringer jeg kjenner sier balaklava (som det egentlig heter - tror jeg?) og det synes de i tilegg er utrolig morsomt å si så aldri noen protester ang å ta på lue der igården. Denne var rålekker !

FruenFraHavet sa...

Jeg er så forelsket i denne hetta og vil gjerne strikke den, men hvor finner jeg oppskriften? Trodde den kom fra Du store Alpakka, men de kjenner ikke til den.

ragnhilda sa...

Oppskrifta er frå Strikk til Nøstebarn: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2804148

Her er det kjempemange fine oppskrifter! I oppskrifta til finlandshetta stod det 2-tråds merinoull (Askeladden), men eg brukte Mirasolgarnet frå Du store Alpakka i staden for å få meir elastitet og varme i lua. Det gjekk veldig fint det, altså. Veldig godt garn å strikka med!