7. januar 2009

Korleis snu det negative til noko positivt

Det verste eg veit når gradestokken syner under 0, er å måtte kle på seg alt dette på ein gong:

- tjukkaste stillongsen
- så tjukk at eg slit med å dra på meg buksa utanpå
- tjukke Ulvang-sokkar
- andeføter (gir stiv, ande-aktig gange, pluss gnagsår ved bruk av tjukke sokkar)
- ull-t-trøye
- langerma pologenser
- den tjukkaste ullgenseren med den tjukkaste halsen
- den tjukkaste vinterjakka med ei hette så gigantisk at eg blir baktung når eg har henne på (eg trur jakka veg 5 kg, eg må sjekka)
- ullfora skinnhanskar
- alpelue

Då eg vralta ned til t-banen i dag, stiv som ein stokk og sikkert 20 kg tyngre (kjendest slik ut), prøvde eg å tenkja ut EIN positiv ting med å gå slik. Og eg fann ein! Ved å dra glidelåsen på jakka heilt opp, kan nesten heile andletet forsvinna ned i hettekanten, slik at berre augo stikk opp, og slik at den gigantiske hetta omkrinsar hovudet (litt vanskeleg å forklara utan å ha sett den merkelege hetta). Då eg gjorde dette, kjendest det ut som om eg vart usynleg. Lag på lag med klede skilde meg frå omverda. Og eg tenkte at slik kjennest det sikkert ut å vera spion (draumeyrket).

6 kommentarer:

Elledille sa...

Hehe, jeg har også måttet ty til strømpebukse, raggsokker og superundertøy-trøye i dag. Og tykk jakke, lue og skjerf. Men jeg synes det er riktig så trivelig, jeg. Må innrømme det. Ok, ikke når det blir trangt og du føler deg tjukk og diger. Men litt fint å pakke seg inn, spesielt det å ha på skjerf, lue og raggsokker. Det eneste jeg mangler, er vintersko!

Ragnhild sa...

Ja, det einaste som manga i dag, var skjerf. Pga at det ikkje var plass til meir! Eg likar best å gå med raggsokkar inne og skli rundt på golvet:-) Eg kan forresten tilrå andeskoa, altså. Dei er kjempevarme og perfekte på glatt føre. Er berre litt stive, så må rekna med gnagsår i starten ...

marit sa...

Eg har alltid vore som deg, frøsen. Og vinteren i tida mi i Oslo og i Trondheim framstod som ein evig kamp mot kuldegradene. MEN, no har eg oppdaga noko magisk: "innlandsklima" Tørr og kald vinter, dette var heilt nytt for meg. At ein kunne gå ut i 4 minus utan strømpebukse. At det ikkje er før gradestokken nærmar seg -10 at ein treng alle desse kleda...heilt fantastisk for frøsenpinnar! anbefalast, og no er det til og med eit småbruk til sals Ragnhild på jostedal.no.

rypa sa...

Eg skriv ikkje overraskande under på Marit sitt innlegg og vil dessutan peike på at TJUKKE sokkar ofte ikkje er det beste mot kulde, ettersom dei kan føre til at det vert nettopp for trongt og stivt i skoen. Tunne ull-sokkar (med så høg ullblanding som mogleg) er vel å føretrekkje?

Ragnhild sa...

Ja, eg veit, rypa, men TJUKKE tyder berre litt tjukkare enn dei tynnaste, det tyder ikkje raggsokkar. Og det er god plass til dei i skoa. Problemet er andeskoa - det er noko greier i hælen som gjev meg gnagsår. Og det blir forsterka jo tjukkare sokkar eg brukar. Gnagsår er eit velkjend problem med andesko, diverre. Eg trur det tek eit par år å gå dei inn.

Fivrel sa...

Hoho, eg ser deg for meg :-) Eg tenkte her om dagen (ja, førre veka, då det var så beinkaldt, serleg når ein fer omkring i luftige fjøs utover det vidstrekte austland), då eg stod og venta på t-banen, at det einaste positive med at det var så kaldt (eg vil også gjerne freiste å sjå det positive i det negative), var at det dukka fram så mange artige strikkaplagg, fyrst og fremst luer. DERSOM DU SOM LES DETTE PLAR VENTE PÅ T-BANEN PÅ STORO ELLER FORSKNINGSPARKEN, OG HAR KJENT DEG BEGLODD AV EI JENTE MED BRUN ULLHUVE MED LANG HALETUPP PÅ, SEIER EG BERRE: OTTAST IKKJE! DET ER BERRE MEG OG EG ER TEMMELEG USKULDIG.
Neste gong eg ser ein stivbeint og svært påkledd spion med andeføter og snodig hette, kjem eg derimot til å skjøne at det er deg, Ragnhild, og då funkar du jo ikkje som spion, vel! ;-D