2. januar 2009

Høgdepunkt i 2008 og mål for 2009

I 2008 baka eg veldig mange brød. Og det skal eg halda fram med i 2009.

Eg opparbeidde meg ei bra tøystoffsamling. Og eg sydde min fyrste kjole! I 2009 skal eg ikkje kjøpa meir stoff, men sy av det eg har.

Eg var i Jostedalen for fyrste gong og kjende meg som turist i eige land. (Gubben òg, som de kan sjå, sjølv om han er sogning) Eg innsåg at eg må kjøpa meg ski og oppsøkja norsk natur om vinteren òg. Mål for 2009: gå på ski!

Eg møtte Olav Stedje! Og åt barten hans! Hahaha. Mål for 2009: læra meg alle tekstane hans utanåt.

Eg planta blomar i verandakassene for første gong. På grunn av steiksol døydde dei midt på sommaren. Mål for 2009: ha fleire blomar i hus, både inne og ute, og læra meg å stella dei. (Mamma er læremeister.)

På grunn av steiksola sumde eg i Mjosundet for første gong på hundre år. Mål for 2009: symja meir (hovudsakleg innandørs).

Eg var på heimlege trakter både i juli og oktober, og observerte eit uvanleg rikt dyreliv på nært hald. Både fire ekornungar og fleire revar (dårleg kombinasjon ...) oppheldt seg i hagen. I 2009 har eg tenkt å reisa heimover både to og tre gonger for å trekkja frisk luft og lufta tærne.

Vi var på bilferie i indre Sogn og fekk oppleva den økologiske himmelen på gardsbutikken til Sogn Jord- og Hagebruksskule. Mål for 2009: leva økologisk frå topp til tå og frå inst til ytst.

Årets mest fantastiske ute i det fri-oppleving var to-dagars fjelltur i Jotunheimen i steikande julisol. Fjellturar skal det bli meir av i 2009!!!

Vi var pusepassarar opptil fleire gonger, og det kjem vi vonleg til å halda fram med i 2009.

Oslo har mykje å by på, i alle fall når ein kjem seg ut i skog og mark. Det blei fleire fine turar rundt Nøklevann, og fleire skal det bli i 2009. Eg har òg som mål å oppdaga fleire plassar i Oslo, med sykkelen som transportmiddel. Kort og godt har eg tenkt å røyva meg meir i lokalmiljøet i 2009, anten det er snakk om Østmarka, Sogn, Mjosundet eller Jotunheimen. Utlandet får venta litt (sjølv om eg stadig drøymer om å reisa attende til San Francisco).

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Dette var ei fin oppsummering, og gode, oppnåelege ynskje for det Nye Året! Greier du å få med deg alle desse måla, kjem 2009 til å verte eit sers godt år, det ser ein lett! :-) Lukke til, og godt nytt år!

Ragnhild sa...

Godt nytt år til deg òg! Ja, det er viktig med konkrete og oppnåelege mål ... dersom ikkje dei er det, blir det vanskeleg å oppfylla dei. I alle fall for meg:-)

Signhild sa...

Å, det er noko magisk her! I det eg las det om Olav Stedje, byrja iTunesen min å spele "vi vandrar saman", heilt av seg sjølv. (Har sett iTunes på "spel tilfeldig song", berre for å oppdage nye songar heile tida). Så kanskje eg må eg må slå følge med deg i det nyttårsforsettet?! :P