3. januar 2009

Frå mørkeloftet #1

No skal eg starta ei ny spalte: Frå mørkeloftet. Mørkeloftet heime hjå mamma og pappa er nemleg fullt av skattar! Det er både skattar frå barndommen min og frå då mamma og pappa var unge. Sidan eg og gubben endeleg har fått oss bil (gammal skatt frå 1992 frå foreldra hans) og skal køyra attende til Oslo, fann eg ut at det var lurt å sjå om eg kunne grava fram nokre større gjenstandar til å ta med attende i morgon.

Og det fann eg! Då eg var lita, vann eg ofte på basar, og no fann eg ein gevinst som har stått inst på mørkeloftet sidan 5. oktober 1980, då eg var fem år og tydelegvis i stand til å merke gevinsten med namnet mitt:


Oppe i øskja låg det eit sett med seks asjettar og kaffikoppar, alt ubrukt!

Eg likte koppane. Dei er både styggfine og trauste. Den firkanta fasongen gjer at dei garantert er stødige (noko mamma er oppteken av når det gjeld kaffikoppar). Det står Made in China på settet, så det er ikkje akkurat Figgjo, men likevel ...

Rosa og lyseblått er ikkje heilt meg, liksom, men eg likar mønsteret likevel. Eg trur dei kan bli fine å bruka til sommaren, ute på verandaen. Dessutan er dei meir lilla enn rosa. Og nostalgien veg tyngst her!

Eg må vel kunne kalla dette eit kupp?

5 kommentarer:

Siri sa...

Superduperkult! Nostalgien veier tyngst, helt klart. Kan jeg komme på sommerverandaen og drikke fra de styggfine?

Middagstallerknene mine er basarkupp de også. :-D
Husker du hadde skikkelig vinnerlykke på basar.

Fivrel sa...

Loftet, ja! Eller trée som me seier i Valle (tyder berre 3.). Musesjeltilet seier andre. Der er det mykje flott og artig å finne! Eg lyt støtt ha meg ein tur opp og romstere, sjølv om det er styggkaldt i jola og alt for heitt om sumaren. Å ha eit slikt loft er eit av dei største pluss med å bu i/flytje attende til/ ha foreldre som bur i eit gamalt hus. Godt kaffislabberas til dykk! (Eller kaffirus, som det heiter i Valle, hehe)

Ragnhild sa...

Siri: ja, eg har tenkt å blogga om andre basargevinstar òg. Det er fleire, nemleg. Du er hjarteleg velkomen til å drikka kaffi av koppane til sommaren!

Fivrel: ja, mørkeloftet er både mørkt og kaldt om vinteren! Eg måtte ha på meg fleece og greier for å halda ut der oppe:-)

hlewagastiR sa...

Nostalgi er topp! Og betre blir han etter som åri gjeng!

ragnhilda sa...

Ja, nostalgi er fint:-)