5. oktober 2008

Dagens søndag

Den første søndagen i oktober blir Mjosundmila skipa til. Dette har vore ein årviss tradisjon sidan 1986, og eg var med dei ni første åra (dvs. så lenge eg budde heime). Det er mogleg å springa på tid òg, men eg har aldri gjort det. Ja, det heiter Mjosundmila fordi distansen er EI MIL, men eg greier ikkje å springa så langt, diverre. Den siste gongen eg gjekk, var altså i 1994, og i år fekk eg gullmerke for å gå for tiande gong. Juhu! Deltakartalet har gått gradvis nedover, og i år var det 16 som deltok, mot om lag 60 deltakarar i glansdagane. No skal det seiast at i år både regna og SLUDDA det konstant, så det er mogleg at det ikkje verka så forlokkande. Eg tykte det var herleg å gå ute i striregnet, og endå betre var det å koma heim og ta ein glovarm dusj i vatn frå Gulmåssåbekkjen og med ekte einer-dusjsåpe, eta lapskaus til middag og eplekake til dessert. Og så skal eg berre strikka resten av kvelden og ikkje tenkja på at vi må reisa attende til Oslo i morgon.

Eg og pappa. Pappa gjekk for 21. gong!
Knut gjekk for første gong.

2 kommentarer:

hlewagastiR sa...

Eg SPRANG Mjosundmili ein gong. Det var utruleg pinsamt. Me var få da au, men so var ogso dette før brui kom.

Ragnhild sa...

Eg er imponert! Men løypa er litt annleis no (ikkje så hard). Først skal ein gå/springa frå ungdomshuset innover til Hålåekrå (der Knut står på biletet), der skal ein snu og gå/springa tilbake til ungdomshuset, vidare til Mjosundbrua før ein snur og endar opp ved ungdomshuset igjen. Så du kan jo prøva å springa igjen!:-)