23. september 2008

Tid for tullull

Det er haust og tid for ull, noko som mellom anna førte til at eg i dag forvilla meg inn på eit prøverom på H&M. Der hang det noko som såg ut som ei god og varm ulljakke, med eit ikkje så aller verst snitt:

Eg gjorde det som eg alltid gjer før eg vurderer eit klesplagg som aktuelt for prøving/kjøping, nemleg las på varedeklarasjonen. Då fekk eg hakeslepp:

Dei er no i det minste ærlege. 100 % syntestisk! Juhu! Men kven vil ha det??? Det kunne like gjerne stått:

100 % plast, som er omgjort til tøyliknande fibrar for å få deg til å tru at du kjøper noko du kan ta på deg. Ja, plastikken liknar mest mogleg på ull for å lura deg til å tru at du kjøper eit varmt og godt plagg, som varer sesong etter sesong, som aldri blir nuppete, som aldri får håret ditt til å stå rett til vêrs pga at det er så syntetisk, som du aldri blir klam, våt eller kald i. Sidan det er så billeg å gjera om desse plastfibrane til noko som liknar på eit tøystoff, kan vi setja ned prisen radikalt, og du får difor jakken for usle 298 kr! Det er jo praktisk, sidan dette plagget kjem til å gå ut av fasong etter to gongar i bruk, sømmane og trådane kjem til å gå opp, fibrane kjem til å gjera håret ditt irriterande syntestisk, og du difor kjem til å trenga ein ny tullulljakke etter kort tid, og kjem til å gå tilbake til H&M for å finna ein liknande jakke. Pga at prisen er såpass låg og snittet er såpass kult, går du rett i fella igjen, og kjøper tullull på nytt.

Forholdet mitt til H&M og dei andre billegkjedene sine ull-liknande klede er OVER! No skal eg gå heilt over til å kjøpa all ull frå Icebreaker - merinoull som kjem frå glade sauer på New Zealand, og ikkje minst frå norske Nøstebarn, som sel ubehandla, sympatisk, snill og god ull. Eg tek veldig gjerne i mot tips til andre plassar der dei sel ekte ull!

6 kommentarer:

marit sa...

eg er òg stor fan av Icebreaker, og det kan jo kjøpast på nettet på sportsnett, det kan eg like. Ellers så slår eg eit slag for Kari Traa sitt ull. På nynorsk, frå glade sauer, i herlig rosa. Kan det bli betre? og Janus jølvsagt, som har sverga på at dei aldri skal flagge ut. det kan og kjøpast på nett, på nynorsk, hjå krabaten.no.

Ragnhild sa...

Dei sel Icebreaker på Oslo sportslager òg, så det er tydelegvis dei uavhengige sportsbutikkane som går for dette merket. Det likar vi! Eg bør oppsøkja Sportsnett igjen, eg elskar den butikken! Elles tykkjer eg Kari Traa sine klede er så utruleg dyre! Og dei er veldig små i storleiken. Eg har ein genser i storleik L som rekk meg til navlen.

Kort og Søm sa...

Sånt tøy som bare er syntetisk må man styre unna, helt enig med deg!!

hlewagastiR sa...

Nøstebarn er blitt ein hit hjå nevøane våre (eller hjå foreldri...).

rypa sa...

Fjellsportfolka her i dalen sver for tida til Devold.

Ragnhild sa...

Rypa: Ja, Devold er bra! Svigerinna mi, som er frå USA, seier at ein av dei norske tinga som det ikkje er mogleg å finna maken til i USA, er Devold. Ho går med Devold i Trondheim året rundt. (Elles har USA stort sett det meste av det beste)

hlewagastir: Nøstebarn har ull for vaksne òg:-)Og dei har masse garn, så ein kan strikka kva som helst til kven som helst.

Kort og søm: Ja, det er bra det finst alternativ til alt det syntetiske:-)