7. september 2008

Elvis var i Drammen!

Og eg var der! Eg har aldri før vore på ein konsert i Noreg der artisten ynskjer velkomen til alle nordmennene i salen. Hehehe. Bleikandlet var nok i mindretal, ja.

Juan Luis Guerra er Latin-Amerika sitt svar på Elvis, berre at Guerra lever, då. Han set ord på ting som folk (særleg latin-amerikanarar, naturleg nok) kjenner seg att i. Han lagar musikk som folk elskar å dansa til (dette er ikkje musikk ein berre høyrer på, ein MÅ dansa). Han har selt over 14 millionar plater, og har donert store delar av inntektene sine til folk som ikkje har det så bra. Han er ein grepa kar, rett og slett.

Guerra er frå Den Dominikanske Republikk, der eg oppheldt meg i tre månader i 1999, så det var det fyrste møtet mitt med musikken hans. Og sidan har eg vore hekta. Det er umogleg å sitja stille når han spelar, det er umogleg å ikkje smila. Og med 18 menn/kvinnfolk med seg på scena i Drammen, og med 90 % latin-amerikanarar i salen seier det seg sjølv at det var vilt.

I songen nedanfor syng han om eit velkjent emne: om det å koma seg vekk frå fattigdom og vanskar på Den Dominikanske Republikk. (Visa = visum, ja ...)



Visa para un sueño
Eran las cinco 'e la mañana
un seminarista, un obrero
con mil papeles de solvencia
que no les dan pa' ser sinceros

Eran las siete 'e la mañana
y uno por uno al matadero
pues cada cual tiene su precio
buscando visa para un sueño

El sol quemandoles la entraña, ¡uf!
un formulario de consuelo
con una foto dos por cuatro
que se derrite en el silencio

Eran las nueve 'e la mañana
Santo Domingo, ocho de Enero
con la paciencia que se acaba
pues ya no hay visa para un sueño

¡Oh! oh...

Buscando visa para un sueño
buscando visa para un sueño

Buscando visa de cemento y cal
y en el asfalto quién me va a encontrar

Buscando visa para un sueño (¡oh!)
buscando visa para un sueño

Buscando visa, la razón de ser
buscando visa para no volver

Buscando visa para un sueño (¡oh!)
buscando visa para un sueño

Buscando visa, la necesidad
buscando visa, qué rabia me da
buscando visa, golpe de poder
buscando visa, qué mas puedo hacer

Buscando visa, para naufragar
buscando visa, carne de la mar
buscando visa, la razón de ser
buscando visa, para no volver

Ingen kommentarer: