5. juli 2008

Mjosundet sett frå lufta

Her kjem ein liten biletreportasje av Mjosundet sett frå lufta (klikk på bileta for å få dei større). I dag har vi vore på Ertvågsfjellet, som ligg 652 m.o.h. Det er herleg med å vera i Mjosundet: det er fantastisk turterreng her! Det er både flatt og bratt - altså noko for ein kvar smak. Og ein har som regel fjellet for seg sjølv når ein går på tur - i motsetnad til kva ein opplever mange andre stader. I dag møtte vi berre eit rådyr, ein orm og veldig mange froskar.
Her ser vi Mjosundet heilt tydeleg - det er altså det smale sundet mellom landet eg står på (Ertvågsøya) og Rottøya. Mjo tyder smal, så det er eit høveleg namn. Tettstaden nede til høgre er Mjosundet sentrum, der vi m.a har to båtbyggeri, butikk, pub, frisørsalong og marina. Og byggefelt. Tettstaden oppe til høgre er Aure sentrum - kommunesenteret.
Her ser vi sentrum endå tydelegare. Båtane heilt til høgre ligg nede ved marinaen. Om somrane brukar det å koma mange båtar dit. Elles ser vi tydeleg kranene frå dei to båtbyggeria. Og vi kan sjå huset til mamma og pappa, men det er litt vanskeleg å peika på det. Det er jo så mange hus der. Det er gult, i alle fall.
Vi gjekk ned på framsida av fjellet (det var ganske bratt), nedover det området som blir kalla "dokkhauet", altså dokkehovudet. Det heiter det fordi når snøen byrjar smelta om våren, lagar det seg ein snøformasjon i fjellet som ser ut som eit (dokke)hovud. Det blir sagt at når halsen på dokkehovudet har smelta vekk, kan ein bada i sjøen (ikkje til å stola på).
Rett nedanfor dokkhauet har Gulmåssåbekkjen (eller Gulmosebekken, for dei tungnæme) utspringet sitt. Når vi ser på biletet, skjønar vi kvifor bekken heiter nett det. Det er ein heilt fantastisk bekk, fordi han kjem rett ut frå eit hôl i fjellet, og er drikkevatn til 20 husstandar, butikken, puben, frisørsalongen og Mjosundet Båtbyggeri. Det er Gulmåssåbekklaget som driv vassverket, og der blir det lagt ned mange dugnadstimar. (Resten av innbyggjarane i Mjosundet får drikkevatnet sitt frå Steingeita, til liks med alle andre i Aure. Gulmåssåbekkjen er altså ein ganske eksklusiv bekk, slik sett.)
Eg avsluttar biletreportasjen med det som er prikken over i-en etter å ha vore på fjelltur: å hoppa i havet og symja varmen i seg, slik som vi ser pappa gjera her. (Biletet er frå i går, for det var litt for kaldt i lufta til å hoppa i havet i dag.) Det som er heilt, heilt fantastisk med å symja i Mjosundet er at det berre er å gå rett ned til sjøkanten og symja i veg, utan å måtte stå i kø for å koma seg ombord i ein båt full av folk, som skyssar ein over til badeplassen. Jepp, eg tenkjer på kor upraktisk det er å koma seg ut til øyane i Oslofjorden. Badinga der greier ikkje å nå opp mot bading i Mjosundet når det gjeld luksus og velvære.

Og så er det berre å trippa berrføtt heim og ta seg ein lang dusj (i Gulmåssbekkvatn), lasta inn fotoa frå den lange turen og la de der ute få nokre små glimt av fagre Mjosundet.

2 kommentarer:

Anonymous sa...

Luftige bilete av vakre Mjosundet krydra med lokalhistorie - rett og slett ei mini-bygdebok :) Eg ser fram til bading og fjellturar i denne nordmoersperla! Helsing fraa Belgia

hlewagastiR sa...

Eg hev au vore på Ertvågsfjellet eingong. Utsynet var sers vidt, eg såg til og med inn i Engdalen.