3. juli 2008

Fantastisk stoff!

Sjå kva eg fann i mamma si gamle skattkiste! Stoffa har lege der i årevis, utan at eg har visst om dei! Men eg har jo ikkje vore så interessert i tøystoff før eg byrja å sy på ordentleg, heller, då.

Ein kjapp gjennomgang (frå toppen):
Stoff nr 1: ein stoffrest som mamma har kjøpt, skulle visstnok bli nattdrakt til meg (då eg var lita, altså). Fantastisk mjukt flanell-stoff!
Stoff nr 2: eit stoff som vart funne etter farmora mi, som eg aldri har møtt (difor veldig fint å finna det!).
Stoff nr 3: ukjend, liten stoffrest, viskose-aktig materiale
Stoff nr 4: eit stoff i sterk bomull, som mamma kjøpte då eg var veldig lita, og som ho eigentleg skulle sy ein kjole av (til meg) med. Dette kan bli eit skjørt!
Stoff nr 5: stoffrest som mamma har kjøpt, i tjukk bomull. Kan bli ein ein crazy kjole!
Stoff nr 6: stoffrest som mamma har kjøpt, i tjukk bomull. Kan bli ein crazy kjole!

Eg merkte meg at mange av stoffa ikkje har blitt brukte til det dei var meint å bli brukte til ... åra har gått sidan dei vart kjøpte inn! Men eg skal, skal, skal sy fine ting med alle stoffa!

3 kommentarer:

Gudrun sa...

Eg likte spesielt godt stoff nr fem. Kanskje eg kan koma og låna symaskina di og reparera buksene mine ein dag når me er heime frå ferie?

Her i Arna er det symaskin, men eg gløymde sjølvsagt buksene med hol i då eg pakka.

Ragnhild sa...

Hei! Symaskina mi står alltid til rådvelde! Ta med søta og kom, så kan eg passa henne medan du syr;-)

Ida Lovise sa...

Pene, pene stoffa. Lykke til med syinga!