15. februar 2007

Eg er hekta



Sjekk desse superlekre stoffa, da! Eg har i lengre tid surfa rundt og sikla på diverse nettstader der ein kan kjøpa tøystoff. No har eg endeleg kjøpt mine første stoff over nettet. Det er mykje billegare enn å kjøpa her til lands, og utvalet i fargar og mønster er SÅ mykje betre. Desse stoffa skal bli til skjørt (når eg har fullført sykurset i vår).

Eg elskar å bestilla saker og ting over nettet og få dei rett i posten. Eg kjem til å kjøpa MYKJE tøystoff heretter! Når vi no først er inne på netthandel, vil eg tilrå å kjøpa kule t-trøyer frå Threadless, sjampo og balsam frå lookfantastic.com, tennis outfit eller anna sportsleg outfit frå tennisvarehuset, og sist, men ikkje minst, tøystoff frå Reprodepot eller Cia´s Palette.

2 kommentarer:

Arild sa...

Kva? Ingen artige ordspelvitsar um å handla stoff på nettet?

Ragnhild sa...

Hehe...eg tenkte på det, og tenkte at det det ville vore eit skikkeleg typisk Arild-ordspel;-)

Ragnhild, hekta på stoff