4. februar 2007

Ikkje gløym knappenålene

I går døydde onkelen min. Det er rart korleis livet berre går vidare, som om inkje hadde skjedd. Når eg ser ut, ser eg folk og bilar som passerer nede på vegen. To gamle damer med kvar sin rullator står og snakkar med kvarandre. Trikken går som vanleg. På tven går alle programma som planlagd. Heilt utruleg!

Eg hugsar då Kong Olav døydde i 1991. "Kongen er død!" var det første pappa sa då han kom og vekte meg om morgonen. Vi kunne ikkje gå på skulen, og på radio og tv handla det berre om kongen. Livet stod verkeleg stille. Det var utruleg rart. Og eg trur at sjokket vart ekstra stort nettopp fordi alt stoppa opp. Det påverka kvardagen vår i så stor grad, utan at vi sjølve kunne gjera noko frå eller til. Skulen var stengd, uansett.

Når nokon døyr, er det godt å sjå at alt ikkje stoppar opp, midt oppe i det triste. Å sjå at livet går vidare gjer at ein set større pris på dei kvardagslege gjeremåla, som ein ikkje reflekterer så mykje over til vanleg, nettopp fordi dei er så vanlege. Små hendingar overraskar meg meir. Som i dag, då eg baka overraskande gode rosinbollar. Eller då eg full av forventning las kva eg måtte ta med til første sykurs-kveld i morgon: målband, vevd band, knappenåler, notisblokk og penn. Det er fantastisk at eg skal få høve til å læra korleis eg kan skapa noko fint med symaskina mi! Eg vonar at eg aldri blir lei av å stikka meg på knappenåler.

Ingen kommentarer: