21. november 2006

Ny bærbar: pc eller mac?

Min trufaste bærbare pc (IBM Thinkpad X30) er daud. Eg heidrar minnet med eit foto frå lesesalen av oss to på Blindern i februar 2005.

Etter tre års intens dagleg bruk (minst 12 timar dagleg, særleg i hovudfagsoppgåveinnspurten, som varte i ca to år), døydde maskina. Skjermen vart svart, rett og slett. Etter å ha sett ekspertar på saka, viste det seg at hovudkortet var gått. Garantitida var utgått (med berre eit par dagar over tida), så då er løysinga ganske enkel: eg treng NY BÆRBAR MASKIN! Det er heilt forferdeleg å prøva å bli van med å skriva på Knut si bærbare maskin, som summar, har eit bråkete tastatur og ei ekkel musepute, så innkjøpet bør skje R A S K T!

Eg står no overfor eit stort val: skal eg kjøpa meg bærpar pc eller mac? Her vil eg setja stor pris på respons frå lesarane.

Her er krava mine og kven eg trur er best til å innfri krava:
- høve til bra biletbehandling (mac)
- under 1,2 kg (både mac og pc)
-12'' skjerm, men ikkje absolutt, så lenge maskina er lettvektar (både mac og pc)
- lekker design (MAC!)
- få kræsj (MAC!)
- under 20.000 kr (både mac og pc)

Mac har òg den fordelen at eg må på butikken med det fantastisk velklingande namnet Eplehuset for å kjøpa maskina. Veldig tiltrekkande. Men eg tek i mot alle råd og tips som hallar mot pc òg, så no ventar eg spent på respons!

5 kommentarer:

Eva Marie sa...

Problemet med mac er at det har eit dårleg skriveprogram, så viss du vil ha word er pc å føretrekka.

Det er fleire program som ikkje går bra saman med mac, som du sjølvsagt kan få tak i og bruka viss du er Tarjei eller ein it-gluping, men som berre er irriterande for dummies som meg og deg.

Når Macen min døyr skal eg kjøpa PC. Men det trur eg tek litt tid, for det er god kvalitet. Det viktigaste er uansett at maskinen er lett!

Ein fordel med mac er at utvalet er mindre, dvs. færre modellar å velja mellom...

Vart du klokare av dette? :)

Ragnhild sa...

Visste ikkje at du har mac, Eva Marie!

Skriveprogram er null problem. Det er berre å kjøpa office-pakken for mac, så har ein word og excel og alt. Eg har aldri hatt problem med å få wordfiler frå eller senda wordfiler til maccarar. Dei har heller ikkje hatt problem.

Viss eg kjøper pc, vil eg utan tvil ha IBM-maskin. Ingen over, ingen ved sidan. Så då er det ikkje eit veldig stort utval å velja mellom av pc-ar, heller:-)

Anonymous sa...

Utrolig kjipt at maskinen døde! Har du slått den? Kunne du ikke bytte hovedkort?

Asus har fine, lette ultraportable. Selv har jeg en W5. Men batterikapasiteten er ikke som på en IBM. Ultraportable er heller ikke så kraftige.

http://no.asus.com/products1.aspx?l1=5

Backhandhilsen fra court no. 1

Anonymous sa...

I've certainly got some way to go before the site about Travel Tv meets the standards of your blog.

Ragnhild sa...

Eg veit ikkje kvifor maskina døydde. Nytt hovudkort kosta 6000 kr, så då var det jo like lurt å kjøpa ny maskin...Det vart ein MacBook, gitt! Fekk maskina i hus i går. Lekker!:-) Dvs denne:

http://eplehuset.no/produkt/583_macbook-core-2-duo-20-ghz-hvit.aspx