9. desember 2006

Førjulstankar


Dette er Danilo, fadderungen min. Han er 12 år og bur i SOS-barnebyen Rio Bonito (som tyder "vakker elv") i Sao Paulo i Brasil. Han likar best å spela fotball og stå på rulleskøyter. I går fekk eg julehelsing frå han. Han hadde teikna rundt handa si og skrive "Feliz natal. Danilo" og lagt ved dette fotoet. Når eg legg handa mi oppå teikninga av handa hans, ser eg at han nesten har like stor hand som meg.

Det har ikkje vore så mykje brevskriving dei siste åra. Viss eg skriv, er det på data. Men i morgon skal eg skriva mitt fyrste brev på lenge. Til Danilo. For hand. Eit skikkeleg fint julebrev skal han få. Med snømenn og stjerner på. Og så skal han få tre foto: eitt av meg oppe i eit artig tre, eitt av Mjosundet og eitt av meg på fjelltur i Årdal. Eg kjem til å kladda brevet fyrst. Og så skal eg skriva med den finaste handskrifta eg har, med skikkeleg god penn. Eg må skriva på engelsk, for eg kan ikkje portugisisk. Men i barnebyen omset dei brevet til portugisisk, slik at Danilo skal forstå kva eg skriv. Eg lurar på korleis han kjem til å reagera på brevet mitt. Kva kjem han til å gjera med det? Kjem han til å henga opp fotoa ein stad? Kjem han til å verta glad?

Sjølv om eg ikkje veit korleis Danilo kjem til å reagera, trur eg nok at han vert glad. Det å få brev er noko eg sjølv sett stor pris på. Det å få brev tyder at nokon har tenkt på deg. Ein kjenner seg sedd. For ein som ikkje har ei mor eller ein far, tyder det nok ekstra mykje. Det fascinerer meg at det skal så lite til for å gjera nokon glad.

Årets julegåvetips frå meg: bruk pengar på eit SOS-barneby-fadderskap. Garantert suksess.

Ingen kommentarer: