30. september 2006

31 år i dag!


Her er eg og pappa 30. september 1976, for akkurat 30 år sidan. Mamma fotograferer (utan blitz - difor mykje skugge som gjer at hovuda våre ser forvrengde ut).

1-årsdagen og 30-årsdagen er truleg dei største bursdagsfeiringane så langt i livet. Hugsar ikkje så mykje av den første, men den fantastisk flotte og store feiringa i fjor har eg mange gode minne frå. Det å verta 31 er liksom ikkje like stort og vert ikkje markert på nokon spesiell måte. Det er ein heilt vanleg dag. Regnet høljar ned, eg har vondt i halsen og hovudet, er forkjøla...Ikkje har eg planlagd noko selskap og ikkje har eg planlagd kakebaking. Det einaste som gjer at bursdagskjensla kjem snikande er alle gratulasjonstekstmeldingane eg har fått.

Konklusjon: Eg skal ikkje venta til eg er 40 med å halda stor bursdagsfest!

8 kommentarer:

austsida sa...

Gratulerer med overstått dag! Eg hugsa diverre ikkje på det i år, men det var kjekt å feire i fjor. Det var mi siste store hending i lag med vennar i Sør-Norge, før eg flytta til Vadsø. Eg skal hugse dagen neste år!

Ragnhild sa...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

Ragnhild sa...

Takk for det, Inger Johanne! Eg skal byrja å hugsa din dag òg...eg har diverre ikkje sånn bursdagshugselapp-funksjon på den mobilen eg har no - det er difor eg gløymer bursdagar...

Det er elles bra at Nord-Noreg har fått opplevd deg i eitt år og at det ser ut til å vera ei gjensidig glede!

Strida sa...

Heia!!!
Gratulere med vel overstått, damen!!

No e da haust, men ikkje i livet ditt; 31 år e ein svært fin alder; tid for både refleksjon og framtidsvyer...

Takk for kort frå Roma, ingen tung ting det...men det ser litt ut som det ikkje var heilt staden å reise til alle tider, for alle. Eg kan tilrå LOFOTEN neste gong de skal ut i den våte verda!

Nattaklem.

Anonymous sa...

I know several other readers that will love this blog. Hey man you have a really insane blog here. Perhaps you will find my blog about Airfare interesting.

Ragnhild sa...

Hei anonym. Og korleis veit du at det er mange som vil lika bloggen når du ikkje kan norsk? Du må ikkje tru at eg gidd å klikka meg inn på lenkja di. Det er noko muffens. Så det så.

Spirit sa...

By my SEARCHING out FOR THE LATEST INFORMATION about World Travel I have found your site.

Kvegtjuven sa...

You shut up, you son of a hamburger!