27. september 2006

Regn i Roma



Sidan sist har eg og Knut vore på ein liten ferietur til Roma - for fyrste gong. Det var ein lærerik tur, og eg trur det er på sin plass å dela røynslene med andre som drøymer om å reisa dit. Det er lurt å ikkje ha for store draumar og det er lurt å vera der i meir enn 5 dagar den fyrste gongen, slik at ein rekk å verta litt betre kjend med byen og veit kva ein bør gjera og ikkje.

1. Lær deg italiensk! Nesten ingen snakkar verken engelsk eller spansk. Det er det viktigaste rådet. (Vi kunne det ikkje).

2. Lær deg uttrykka ”grazie” (takk) og ”prego” (versågod, ingen årsak, no høyrer eg på deg, berre snakk) – då kjem du langt; i alle fall kjem du deg ut av bussen.

3. Det er veldig ofte streik på metroen, som ein er heilt avhengig av å bruka. Ha difor med supergode joggesko og eit detaljert kart over byen.

4. Byen er full av turistar. Ein kan lett få andenaud i folkemassen. Gå i staden inn ei smal gate og set deg på ein kafe.

5. Aldri kjøp svart kaffi – til og med cappucinoen er utruleg sterk.

6. Dei har ein tesort som heiter ”Tung ting”. Veit ikkje om dette er ei åtvaring eller ikkje. Du kan jo alltids smaka.

7. Viss du ikkje vil eta pizza eller pasta: du får deg litt av ei utfordring i å setja saman måltidet sjølv! (V.h.a ein meny der alt står på italiensk og ein kelner som berre snakkar italiensk).

8. Regnet i Roma er ikkje som norsk regn. Det er våtare.

9. Ikkje stol på drosjesjåførar som ser at du er ny i byen. Dei tek alle pengane dine, utan at du merkar det.

10. Den italienske døgnrytmen er ei utfordring. Midt på dagen, til litt ulike tidspunkt, stenger mange butikkar og restaurantar i mange timar. Ta difor med matpakke overalt og ikkje planlegg handlerunde før om ettermiddagen/kvelden.

Etter å ha delt det-fyrste vs det-andre-møtet-med-Roma-røynsler med andre, peikar det seg ut ein tydeleg tendens: møte nr. 2 er det beste. Men eg merkar at det er litt for tidleg å drøyma enno.

2 kommentarer:

Magnus sa...

Ikkje høyr på Ragnhild! Kaffien er ofte sterk og god, men innimellom får ein skikkeleg skvip. Så hovudregelen er: kjøp svart kaffi, men er budd på at du kan få den for svak.

Roma har elles eit ry på seg for å snyta turistar på restauranar, ved å selja dei gamal mat, og ved å ha høgare prisar for turistar. Mitt største problem med italienske menyar har vore å avgrensa meg - det er så mykje godt på dei, men det er ikkje alltid lett å vita om salaten er meint attåt hovudretten eller som ein eigen rett t d.

Eg har aldri vorte snytt av taxisjåførar i Italia, i alle fall ikkje for mange pengar.

Men ja: det er utruleg irriterande med siesta og stengde butikkar på tilfeldige tidspunkt .

Jan Erik sa...

Eg minnar om dei to amerikanske turistane (eit ektepar) som eg høyrde om:

"Marge, do I say grazie (med sterk amerikansk aksent; graytsayhee, eller noko liknande) before or after prego (med like sterk aksent; pray-ghoo)?"