1. august 2006

Færra te Krestjansunnj

Det er ein grytidleg morgon på Gardermoen. Eg og Knut skal til Riga. Vi står i kjempelang kø fram mot tryggleikskontrollen. Vi har for ein gongs skuld god tid før flyavgang. Faktisk godt over ein time. Like før vi skal til å slenga bagasjen på rullebandet, merkar vi ei viss uro i køa bak oss. Ei stressa dame spør pent alle i køa om ho kan gå føre dei. Ho har nemleg forferdeleg dårleg tid. Eg høyrer godt at ho er nordmøring og vert sjølvsagt nyfiken. Eg snur meg og ser rett på eit fargerikt vesen av ei dame. Ho har lag på lag med flagrande gevantar på seg. Enorme smykke skranglar over bringa. Håret er svart og bølgjer seg nedover ryggen. På hovudet har ho ein diger hatt. Ho har store mengder med handbagasje med seg og ho er stressa. Eg seier at vi har god tid, og at ho berre kan gå føre oss. Ho seier eit inderleg tusen takk og skranglar forbi oss. Då går det opp for meg...denne dama verkar kjend! Eg mimar til Knut bak meg: "LYNNI TREEKREM???" Han nikkar. Hjartet mitt dunkar. Eg er framleis ikkje heilt sikker. ER det verkeleg henne? Det er vanskeleg å sjå andletet inne i alle kleda, men alt seier meg eigentleg at dette må vera henne. Eg lurar litt på om eg skal spørja om ho skal færra til Mexico, for å sjå om ho forstår. Viss ho gjer det, er det henne. Medan eg står som i transe og lurar på om det er henne, har ho skravla i veg med meg, medan eg har replisert høfleg. Eg hugsar inkje av kva vi snakka om. Frå det tidspunktet ho byrjar å leggja pargasset sitt på bandet til vi har kome oss gjennom, står eg berre mållaus og beundrar Lynni Treekrem si flagrande ferd gjennom kontrollen. Kort fortalt så tek det si TID. Det verkar nesten som om det er løynd kamera, så utradisjonelt går det føre seg. Ho tek av seg lag på lag med glitter og stas og pludrar lettare stressa med alle vaktene til det går opp for henne og alle oss andre at ingen av dei snakkar norsk. Dei ser veldig skeptiske ut og kroppsvisiterer henne både før og etter at ho har gått gjennom passasjen. Ho går att og fram, det skranglar framleis. Eg høyrer ikkje kva ho seier, men eg skjønar at det er noko originalt. Eg snik meg gjennom i mellomtida, for eg skjønar at dette kan ta tid. Knut vert halden attende, til liks med resten av køa. Folk lenger bak vert urolege og lurar på kva som skjer. Dei skulle berre visst kven som stod der! Ein mann snik seg fram og mumlar snurt: "kanskje du skal ha med deg fleire neste gong?"... Lynni vender seg lynraskt mot mannen: "Vart du sint på mæ no? Hæ?" Eg får ikkje med meg resten, registrerer berre at Lynni er den tøffaste dama i verda og at mannen er ein stor tosk. Ho står att saman med nokre av kontrollørane i det resten av køa slepper gjennom. Berre fordi vi er så grå, keisame og korrekte.

Eg sjekkar på tavla kva som er neste avgang på innland. Heilt øvst står det "Kristiansund" og "gate closed". Stakkars Lynni! Eg angrar bittert på at eg ikkje stod fram som den store beundraren eg er. Ingen er så direkte og uredd som Lynni. Ho ville ikkje reagert i det heile teke viss eg hadde teke bilete og spurt om ho ville synga i mitt eventuelle bryllaup. Eg kunne ha sunge utanåt heile "Færra te Mexico" til henne, og ho ville berre ha sunge med. Eg kom stadig på elleville ting eg kunne ha gjort, men som eg ikkje gjorde.

Så gode Lynni Treekrem, viss du les dette: ingen konsertar er planlagde, stod det på heimesida di. Eg planlegg gjerne ein konsert. Du kan koma så seint du berre vil. Og du kan få laga så mykje kaos, glitra så sterkt og laga så utradisjonelle lydar du berre vil. Dei som kjem sist i køa då er dei grå, keisame og korrekte.

6 kommentarer:

austsida sa...

Det var bra du ikkje spurde om ho skulle til Mexico. Ein eg kjenner hadde ho med seg på krabbesafari, og då spurde han om ho skulle færra til Mexico. Då vart ho ganske sur. Han rådde meg til ikkje å gjere det same.

Ragnhild sa...

Men det passar jo litt betre å spørja om ho skal færra til Mexico i innsjekkinga på ein flyplass enn på krabbesafari! Men eg tek det med meg. Ho har sikkert høyrt det littt for mange gongar, om det er på ein flyplass eller ikkje...:-)

Eva Marie sa...

Dette innlegget var utruleg deg, Ragnhild! Eg lo godt då eg las det og såg for meg ei sjokka Ragnhild og ein humrande Knut.

Ai ai ai, fantastiske Ragnhild!

Gudrun sa...

Nei og nei, no vart eg rørt altso

Mari sa...

No har eg vore på vakande nattevakt sidan klokka elleve i går. Klokka er no halv åtte. Dette var ei heilt strålande historie slik ut på mårrakvisten!

Medan eg las gjekk det opp for meg:
Eg likar Lynni Treekrem!
Inni meg har eg tenkt at versjonen ho har av "Dains me dæ" eigentleg er veldig kul, men det har eg aldri sagt høgt før.
Og no er det ute i verda! Jepp, den er kul!

Ragnhild sa...

Mari: eg kan tilrå å kjøpa Lynnis samleplate "I manesjen 1990-2003". Der er alt du treng! - inkludert Dains me dæ, som er verdas beste låt å by opp ein stram kar til dans på;-)