15. august 2006

Kva du kan kan få for 35 kr:


Desse perfekte dessert-bringebæra (1 kg) , sjølvplukka, på ein enorm bringebæråker i Årdal i Sogn. Dagen før: 10 min unna ein parkeringsplass kunne vi hamstra 8,7 kg enormt store, søte blåbær, utan konkurranse frå eit einaste menneske. Oslo har inkje å stilla opp med når det gjeld prisar eller utval (verken på bær eller hus).

Konklusjon: Vestlandet gjev størst gevinst. Vi har no både full frysar og full pængbok.

5 kommentarer:

Strida sa...

Sant!

Song:
Kom og plukk bjørnbær på Finnøy du, kom det er ikkje for seint å snu, då skal vi kos oss i skauen, prøv å plukke litt bær, då skal vi kos oss på hauen, ikkje værra vanskeli og sær!

(tonen må du finne sjøl;-)

Magnus sa...

Bah! Eg har ete sjølvplukka bringebær og blåbær i ei veke no, plukka rett ved Trondheimsvegen.

Ragnhild sa...

Villbringebær då, eller? Eller har du vore på bringebærslang i ein hage? Høyrest uansett ut som bær fulle av eksos og svineri;-)

Eva Marie sa...

Magnus, du et jo ikkje frukt. Et du så mykje bær, då?? Høyrest ut som ein dårleg vits frå deg Magnus.

Magnus sa...

Bær er ikkje frukt. Eg et bær, neter og grønsaker. Det var broren min som plukka bæra, då, så dei var ikkje heilt sjølvplukka.

Sjølvsagt var det ville bær. Men blåbæra må ein litt opp i ksogen for å finna.