11. juni 2006

Det bli itj rock uten tennissokk!

For dei som ikkje har fått det med seg: i Tyskland vert det spelt grasalt mykje fotball for tida. Det er ingen grunn til å fortvila viss du ikkje får med deg ein kamp. På alle tv-kanalane, sånn ca, viser dei fleire kampar for dagen. Det vert dessutan rapportert fyldig frå kvart eit speleminutt, og desse rapportane kan ein lesa om i både papiraviser og nettaviser. Ein kan òg høyra om det i alle radiokanalane og alle tv-kanalane. Sportssendingane på tv er blitt omgjorde til fotballsendingar, så det er umogleg å sleppa unna.

(Pustepause. Eg kjenner no korleis blodet brusar og sinnet kokar.)

I går var det damefinale i French Open (som min store favoritt, Justine Henin-Herdenne vann). Eg hadde gledd meg som ein unge i lang tid av di NRK endeleg skulle visa ein tennisfinale. MEN på grunn av streik i NRK sendte dei ikkje finalen. Er det ikkje bra typisk? I raseri ringde eg UPC og tinga ein utvida kanalpakke som gjer at vi kan få inn m.a Euro Sport - den einaste tv-kanalen ein kan stola på når det gjeld å visa tennis. På UPC si nettside kan eg lesa dette om det eg tinga:

Den elektroniske programguiden fungerer som et slags interaktivt ”programblad”. Du får full oversikt over hvilke programmer som vises, du kan sperre kanaler (foreldrekontroll), og du kan legge inn varsling av programmer du ikke vil gå glipp av.

Dette med å sperra kanalar sette meg på ideen om eit interaktivt fotballfilter! Dette er eit filter som silar vekk alle fotballkampar, uansett kva for kanal kampen går på. På den måten vert fotballhysteriet litt mindre synleg. Men vegen er lang å gå...Inntil vidare skal eg sjå alle tenniskampane på Euro Sport, noko som heilt sikkert gjer meg til eit gladare menneske enn kva eg er nett no.

2 kommentarer:

Arild sa...

Når terroristar gjeng til åtak i Europa, kvifor gjer dei det på togstasjonar i staden for på fotball-VM? På tida at nokon sprengjer Beckham & co.

PS: Peikarane til Ingvild og meg fungerer ikkje, av di du ikkje tok med www i adressa.

Ragnhild sa...

Heilt samd, Arild. Eg skal retta opp adressene dykkar.