9. november 2013

Gult er kult, som vanleg

Kva eg har strikka: genser med rund sal frå Sandnesgarn, oppskrift nr. 18 – guttegenser med rund sal – i heftet 0811 Til fjells
Til kven: sonen min på 3 år
Garn: Smart
Storleik: 4 år

Lua strikka eg forresten på tampen av førre vinter. Det er Kongen på haugen-lue frå Pickles. Lua er strikka med Pickles extra fine merino lagt dobbelt, så det gjekk jo veldig kjapt å strikka. Ei supermjuk og god (og gul) lue!

Det er ganske lenge sidan eg byrja på genseren, og eg har streva både med fargeval, strikkefastheit og sjølve oppskrifta, som det var ein feil i. Men no er eg ferdig!

I oppskriftsheftet såg fargane blågrøne og fine ut, som det er mogleg å sjå på biletet til venstre (biletet er frå nettsida til Sandnesgarn). Eg hadde opphavleg lyst til å strikka i desse fargane fordi eg likte dei blågrøne nyansane. Men fordi dette var eit litt gammalt oppskriftshefte var to av fargane utgåtte fargar, nemleg hovudfargen og den fargen som har sterkast grøntone. Eg fekk hjelp i garnbutikken til å velja fargar som likna, og eg enda opp med fargar som eg eigentleg berre var sånn passe nøgd med. Dvs. den fargen som øydela, var den lyselysegrøne her (ser nesten kvit ut):












Eg strikka meg passe nøgd oppover mot halsen, og då eg skulle til å strikka sjølve halsen, innsåg eg at genseren var alt for stor for guten min. Eg hadde altså strikka for laust (ein klassikar). Eigentleg var eg ikkje nøgd med fargesamansetjinga, så det var ikkje trist å rekkja opp. Eg tok ein pause frå genseren over sommaren, og fann han fram i haust. Det blasse blå garnet blei bytt ut med sennepsgult, eg gjekk ned ein halv storleik i pinnar og strikka stramt. Då! Gult gjorde susen, rett og slett.

Det var første gongen eg strikka med Smart. Det er eit ganske tjukt garn, og det var godt å strikka med. Eg har planar om å strikka ei restegarnlue frå boka Klassisk barnestrikk. Der er det nemleg oppskrifter med Smart-garn.

Jepp, eg strikka genseren ganske lang med vilje. Eg likar at genserar varer meir enn éin sesong. Og når det ligg så mykje arbeid bak som med denne, er det jo ekstra kjekt at genseren varer ei stund. 

5 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig fin genser! Og når du seier at huva er god, stolar eg på det! :)

I den nye strikkeboka Barnestrikk fra mørkeloftet er det alt frå Sandnes, og veldig mykje i Smart. Mange fine oppskrifter som eg har lyst å strikka! Mitt neste prosjekt trur eg er Honninggenser i Cotinga frå Dale, men har ikkje dobbeltsjekka strikkefastheita og alt slik enno.

Ragnhild sa...

Oj, den boka må eg skaffa meg. Det er så mange fine strikkebøker ute for tida!

nadja sa...

Så flott!

nadja sa...

Så flott!

Ingvild sa...

Fin lue! Og genser!