2. juli 2013

Sommaren eg byrja springa

Ja, det skal bli sommaren 2013, det! Eg har aldri likt å springa for å trena. Eg likar aerobic/saltimar der ein instruktør fortel meg kva eg skal gjera. Og så gjer eg det. Til bra musikk og saman med mange andre. Eg må vel kunne seia at eg elskar å trena slik. Eg saknar veldig treningssenteret mitt i Oslo, Krønsj. Det gav meg alt eg trengte, både av uthaldstrening og styrketrening. Og treningsglede! Her på bygda er det ikkje så mange saltimar på treningssenteret for tida. Eg måtte ty til ein annan måte å trena på.

Så! Lukka var stor då eg oppdaga ein fantastisk app til mobilen: Get running. Gjennom appen skal eg greia å springa i 30 minutt i løpet av ni veker. Det verkar utopisk nett no. Eg byrja i går. Det verka ganske lett før eg tok fatt: Eg skulle springa i 1 minutt x 8, og gå i 1.5 minutt mellom kvar gong eg sprang. Det var faktisk ganske tungt! På øyret er det ei behageleg kvinnerøyst som fortel meg når eg skal gå, og når eg skal springa. Ho fortel meg når det er 10 sekund att før eg kan gå, og ho er tolmodig og forståingsfull. Og det treng eg. For eg likar ikkje å springa. Men det gjekk overraskande bra likevel. Eg er optimist!

Det som er bra, er at det er utruleg fint terreng å springa i rett utanfor huset. Eg joggar langsmed bringebær- og jordbæråkrar og sauer. Og det som også er bra, er at for å springa treng eg berre nokre lette treningsklede og eit par gode joggesko. Så eg kan springa heile sommaren gjennom utan å planleggja så mykje. Instruktøren er med, til og med! Kanskje eg kjem til å lika å springa til slutt. Det er vel også eit slags mål oppi dette – at det ikkje blir med dei ni vekene.

1 kommentar:

S I R I sa...

Kult! Du blir sprek.