8. januar 2013

Pakkepakkepakke

Dette var gårsdagens utsikt. Pjuh, det er eit styr å pakka ned alt ein har samla seg av jordisk gods. Vi har 50–60 kassar med ting. I tillegg til møblar. Alt dette har fordelt seg utover 72 kvadratmeter og i ei bod. Korleis er det mogleg? Ein burde eigentleg ha flytta oftare for å bli minna på om at ein har meir enn nok. 

Ting eg har lært (noko av dette veit eg jo, men eg lærer visst aldri):
  • Ikkje kjøp matvarer utan ein plan, kjøpt berre fordi ein tenkte at dette må ein prøva å bruka meir av. To år etter best-før-datoen må matvarene kastast (gjeld særleg pinjekjernar, vaniljepulver og kokosmasse).
  • Flyttekassane frå Biltema er billegast og best (dei på biletet). Dvs. ein får mykje for pengane. 
  • Det løner seg å måla lister med ein gong ein flyttar inn på ein ny plass og ikkje venta til tre dagar før ein flyttar ut.
  • (Denne gjeld ikkje meg!) Aldri kjøp dvd-filmar berre fordi dei er billege. Kva skal ein med ein diger kasse med filmar etter at ein har sett dei éin gong? Livet er for kort til å at ein rekk å sjå filmane fleire gonger.
  • Bruk finn.no jamnleg til å kvitta seg med ting, anten for å selja elle gje vekk.
  • Når ein ikkje kan hugsa sist ein høyrde på ein cd, er det på tide å kvitta seg med cd-spelaren, forsterkaren og høgtalarane (denne har eg tenkt på i årevis).  
  • Kjøp alltid minst fem flyttekassar meir enn ein trur ein treng.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Og dessutan: Når ein prøver å pakke ut av kassene att, er det ingen stad å gjere av tinga. Eg trur faktisk mange ting trivst best i kassar. Heh.
Lukke til med flyttinga! Vi saknar deg allereie.

Torunn

Ragnhild sa...

Vi har nokre slike kassar i boden, Torunn ... Dei har stått der sidan 2007, gitt. Eg saknar dykk òg no, merkar eg! Eg kjem og seier hei ein vakker dag <3

Mette sa...

Eg gjekk igjennom nokre slike kassar i fjor. Endeleg fekk eg kasta gamle tyskprøver og kassettar med Gylne tider.

Anonym sa...

Kjære Ragnhild! Der fann eg deg att. Eg har også skifta beite og er no på Notisboka etter mykje teknisk krøll. Gler meg til å fylgje deg vidare!

Helsing Inga/Notisboka (tidl. Villanelle)

Ine sa...

Vi flytter på lørdag, og har kvittet oss med MASSE skrot! Det er utrolig hvor mye rask som kan hope seg opp i en leilighet på 40 kvadratmeter og en bod på 5. Utrolig deilig å bli kvitt alt man ikke har bruk for lenger!