24. januar 2013

Ein hyllest til det vesle

Etter snart to veker på ny plass har vi endeleg fått Internett i hus. I det nye huset vårt. Ting tek litt tid her i indre Sogn ...

Vi fyrer for harde livet i sprengkulda, og innimellom innbiller eg meg at vi er på hyttetur. Men dette er kvardagen. Ein kvardag eg fint kan leva i.

Etter 14 år i Oslo må eg berre seia at det er topp å bu på ein liten plass. Her er alt så oversiktleg og greitt. Frå huset vårt ser vi taket på barnehagen til poden (det er eit lite jorde mellom), eg ser jobben min, eg ser kjøpesenteret (som har alt ein treng, og meir til), Lustrabadet (som ligg rett ved jobben), eg ser fjorden (endeleg!), eg ser treningssenteret, og eg ser høge, snødekte fjell med sol på. Det er akkurat det eg treng å sjå utan det kjennest ut som om eg forsvinn i mengda. Eg likar å kjenna at det er plass til meg. (I Oslo får ein ikkje akkurat den kjensla.)

Ei eldre dame stod i vegkanten rett ved huset vårt og haika med meg i dag. Ho måtte nå ein buss (her går ikkje bussane så ofte), og ho hadde det travelt. Vi hadde ein kjekk bli-kjent-prat dei få minuttane turen tok, og eg reknar med eg ser henne att i og med at vi bur i det same byggjefeltet. Sjølv om ho aldri hadde haika før, gjorde ho sjølvsagt det. Kva elles? Eg nikka nøgd til meg sjølv i bilspegelen då eg sleppte henne av. Og tenkte at eg her vil eg bu.






















4 kommentarer:

Anonym sa...

Nett slikt ein saknar når ein bur i storbyen. Særleg den dama, må eg seie. Og du, som plukkar ein opp! Vonar du skriv mykje frå derauppate. Sig

Ragnhild sa...

Hei, Sig! Jepp, det blir nok ein del skrivels om livet her i vest. Artig å sjå deg her (òg)!

Strida sa...

Herleg, rett og slett :-)

Fivrel sa...

Så gama å lese at de er vel på plass på ny stad - i Bygda, endeleg! Gler meg til å fylgje livet og naturen og strikke- og syprosjekt vidare på bloggen (vonar du har tid til å blogge sjølv om det er veldig mange andre, fine ting å gjere i Jostedalen!) Helsing Fivrelet (som faktisk er i gong med bloggen sin att!)