18. desember 2012

Vimpelgenser

Eg har strikka vimpelgenser frå Pickles til poden. Han er snart 2.5 år, men eg strikka storleik 4 år og la på litt ekstra lengde. Genseren kan nok ikkje brukast denne vinteren, sjølv om det sikkert kunne ha vore godt å gå med ein varm kjole av og til ...
Eg likar godt dette garnet (Pickles Pure Thin Alpaca). Det er veldig mjukt og godt å strikka med. Strikka med dobbel tråd, så det blei ein del flokar undervegs i vimpelstrikkinga. Og eg har ein del trådar att å festa, som det er mogleg å sjå.

Eg har ikkje vore begeistra for alle oppskriftene frå Pickles eg har prøvd, men denne oppskrifta likte eg.

Det blei att ein del restegarn, så eg må finna på noko av det.

2 kommentarer:

Siri @ Strikk og tøys sa...

Så har jeg hengt med over i din nye blogg - sjølvsagt!

Genseren er nydelig - hva med å lage votter av restegarn? Eller en flott lue?

God jul!

Ragnhild sa...

Så kjekt at du følgjer med vidare, Siri!

Ja, både vottar og lue er gode tips. Eg trur lue eignar seg godt i dette garnet.