20. november 2012

Sitrondrops er kult, men det er appelsin òg

Endeleg har eg bestilt oppskrift og garn til eit strikkeprosjekt til meg sjølv!
Det er God morgen-genser frå Pickles (klikk på biletet for å koma til oppskrifta), og eg har sikla på genseren lenge. Eg diggar den gule fargen (med det høvelege namnet sitrondrops), men eg trur kanskje ikkje at eg kjem til å kle han, så difor bestilte eg garn i fargen appelsin:




Det er alltid litt risikabelt å bestilla garn på nettet, eg likar aller best å sjå garnet i levande live. Lageret til Pickles er ope på torsdagar og laurdagar, men eg greidde rett og slett ikkje å venta. Og eg kan jo byta fargen dersom eg angrar. Det er i alle fall mange fargar å velja blant! Gler meg til eg får pakke i posten!

Er det nokon av lesarane mine som har strikka genseren? Eg ser han er poppis på Ravelry, i alle fall.

5 kommentarer:

frksnupp sa...

Den blir sikkert kjempefin! Har ikke strikka den selv, jeg har ikke helt fasongen til den type genser, men i oransj tipper jeg den blir nydelig.

Ane sa...

Eg har strikka han! Veldig grei oppskrift og fint garn å jobbe med. Synes dessverre det har nuppa ein del etter kort tids bruk, men likevel er det ein fin genser.

Tips: Sjekk storleik. Eg brukar til vanleg S, men såg fort det ville bli smått. M er perfekt.

Ragnhild sa...

Ane: Eg brukar til vanleg M, men kan også bruka S. MEN eg strikkar veldig laust, så difor tenkte eg at S kunne gå fint. Hm ... Eg får testa ut litt når eg får garn og oppskrift i hus.

Fru Keilegavlen sa...

Denne vert sikkert kjempeflott i ein fin farge. Eg har ikkje strikka den sjølv, rett og slett, fordi eg ikkje kler den type fasong. Lykke til! Den vert sikkert kjempefin.

Ragnhild sa...

Fru Keilegavlen: Eg var faktisk ikkje så nøgd med fargen, så eg bytte til limegrønt:-)