22. september 2012

Sauer i hus

Juhu, dette var det artigaste og raskaste strikkeprosjektet eg har vore borti på lang tid. Veldig tjukt garn gjorde at det gjekk unna. Eg strikka storleik 2 år, men strikka nokre omgangar ekstra på bolen og ermene. Sauene er strikka i perlestrikk – noko så enkelt får ein kul effekt! Eg strikka ikkje blomemønsteret nedst på ermene – rett og slett fordi eg ikkje fekk det til å gå opp med blomar og masker. Det er mogleg det var ein feil i oppskrifta, for mønsteret var jo ikkje vanskeleg.

Poden var ikkje særleg interessert i å prøva det nye plagget, men eg håpar at han forstår at dette blir ein god genser på kalde dagar.

Her er meir om oppskrifta. Eg har nok restegarn til å laga noko meir – kanskje ei lue?

1 kommentar:

Fivrel sa...

Fine, fine sauegenseren! Varm og god, friske fargar, søtt motiv, og heilt samd med deg i at han er super å strikke, garn/pinnestr/mønster = ein må berre ta ein runde til, og ein runde til, og vips! :-)