31. juli 2012

Sauer under sol og skyfri himmel


Eg blir så innmari gira når eg finn ei strikkeoppskrift eg likar! Sjekk den superfine genseren, da!!! Mønsteret (og biletet) er frå Dalegarn, katalog nr. 248. Garnet heiter Hegre, og eg hadde ikkje høyrt om det før. Men eg har ikkje strikka så mykje med Dalegarn før, heller. Garnet er veldig tjukt, så dette blir ein god og heit genser for poden til vinteren. Eg er litt usikker på om eg skal strikka storleik 2–3 år eller 4–5 år. Poden er 2 år, men stor for alderen. Samtidig strikkar eg ganske laust, så kanskje 2–3 år held? Hm.

Så no er det berre å fullføra nokre andre prosjekt før eg går i gang med dette. Garnet er kjøpt inn, og eg sit og ser lengselsfullt bort på det her eg sit. Korleis skal eg få tid til å strikka alt eg har lyst til? Det er jo så mange fine oppskrifter der ute! Sukk, altså.


2 kommentarer:

Anonymous sa...

Oj, den var søt! Ser skikkeleg artig ut å strikke. Er det perlestrikk på sjølve sauene?
Inger

Ragnhild sa...

Jepp, det er perlestrikk! Lett som ein plett!