Her er bror min og eg i 1983. Eg har nettopp vaska kleda til dokka mi (for hand i vasken på badet), og står og heng ut dei nyvaska kleda på klessnora (mi) i hagen. Eg hugsar den gode lukta av nyvaska klede og kjensla av å ta inn knusktørre, stive plagg. Kleda hadde eg og bror min gått med då vi var babyar, så dei var eigentleg litt for store for dokka. Og ho voks irriterande nok aldri inn i dei, heller. Men klesvask måtte til med jamne mellomrom. Dokka var jo med over alt og blei lortete, ho bæsja seg ut, osv.
Men eg likte ikkje berre å leika med dokker. Eg likte å klatra i tre, eg likte å ro, samla på bilnummer og sprengleidningar, eg likte å kle meg ut, byggja hytte, spionera, spela piano, laga radioprogram, sykla i full fart i nedoverbakkar ... Ja, eg likte rett og slett å halda på med det som barn likar å halda på med. Slik som Pippi Langstrømpe, som har vore, og framleis er, eit førebilete for alle barn, uavhengig av kjønn. Og slik kjenner eg meg på ein måte framleis. Eg likar ikkje berre å sy og strikka, for å seia det slik, sjølv om det er handarbeid eg skriv mest om her på bloggen. (No kjenner eg at eg fekk lyst til å skriva eit sint innlegg retta mot dei som kritiserer handarbeidande bloggedamer for å driva med det dei kallar husmorblogging, dvs. noko som berre er tull og tøys og antifeministisk og tilbake til 50-talet og slikt. Dette må eg tenkja på!)
Uansett, grunnen til at eg skriv dette, er at eg for nokre veker sidan las ein utruleg god artikkel i magasinet Fett som heiter Pippi Langstrømpe er en jente, jente! Skribenten Heidi Bøhagen skriv innsiktsfullt om omgrepet gutejente, og ho skriv ting som eg aldri har tenkt fullt ut, men som eg kjenner meg så utruleg godt igjen i. Det er ein lang artikkel til å vera på nett, men han er verkeleg verdt å lesa. LES HAN! Kjenner du deg att?
3 kommentarer:
JAAAA!!! Jeg var/er også en jente jente - med barbie, skrubbsår, spikkekniv og sminkedukker!! Leste artikkelen som er så bra ) Super Ragnhild - og kos deg i morgen. klem fra med i København
Hm. eg tykte det var ein fin artikkel, men eg tenkjer òg at det kanskje er noko problematisk å leggja den ganske frie åttitalsbarndomen til grunn for kva som er progressivt og reaksjonært å gjera no. Eg trur (men har ikkje akkurat forsking og statistikk i handa nett no) at barndomen til dagens jenter og gutar er mindre fri og kanskje meir kjønnsstereotypisert, på grunn av eit sterkare kommersielt press, på grunn av at dei er meir overvaka av foreldre og institusjonar osb, og at det kanskje stiller andre krav til feministisk handling frå vaksne som vil at ungane skal vera frie frå kjønnstvangstrøya, utan at eg veit akkurat kva som er rett å gjera
Gudrun: Artikkelen til Heidi Bøhagen handla om vaksne som i dag kallar seg gutejente, og som voks opp på 80- og 90-talet. Det er ikkje dagens gutar og jenter dette handlar om, med andre ord, men oppveksten min og din. Korleis dagens små tenkjer om oppveksten sin om 20 år, blir spanande å sjå ...
Legg inn en kommentar