5. april 2012

Frå mørkeloftet #11

Denne gongen er mørkeloftet-funnet litt av ein original skatt! Utanpå ser skatten slik ut:

Det er faktisk ei bok! Permane er laga av papp kledd med stoff, og dette er side 1: 
Men det er ei ganske spesiell bok, for blada er laga av lommetørkle! Eg fekk boka då eg var lita, og boka er heimelaga. Eg hugsar eg var veldig fascinert.


Eg hugsar også at det var denne sida, eller dette lommetørkleet, då, eg likte best: 


Eg likte fargane, og eg likte særleg jenta med isen. Eg trur eg ville vera henne. 

Eg har introdusert boka for poden, og han likar særleg dette fine oppslaget:



















Her er det nemleg både bil og hund og ballong!

4 kommentarer:

Anonymous sa...

Hei!
Så heldig du er som fant igjen denne flotte skatten. For en supersmart ide å lage bok av de morsomme og dekorative barnelommetørkler. Må være veldig hyggelig å dele denne med poden.
Berit

Fru Keilegavlen sa...

Å, så utruleg koseleg med ein slik skatt. Herleg måte å lage bok på og kjekt og kunne dele eit slikt barndomsminne med ditt eige barn. Ønskjer deg ei fortsatt fin påske.

Rangla sa...

Fantastisk bok! :-)

Ragnhild sa...

Ja, det er ei fin bok! Og ja, det er artig at Tryggve får glede av leiker eg hadde då eg sjølv var lita. Eg har prøvd å finna barnelommetørkle med tanke på å laga ei liknande bok, utan å lukkast. Alle brukar vel papirlommetørkle no til dags ...