9. mars 2012

Lesetips for søte, små: vrimlebøker!

Skal du kjøpa éi bok til ungen din, kjøp ei av (eller alle!) vrimlebøkene frå Samlaget! Dette er bøker som varer i årevis fordi barnet veks med bøkene. Eit genialt konsept! Det er éi bok for kvar årstid (i tillegg til nattvrimlebok), og det er det same miljøet som går att på kvart oppslag i alle bøkene, så ein kan sjå korleis årstidene skiftar. I tillegg kan ein følgja med på andre endringar, f.eks. at hus blir bygde. Og når ungen blir endå større, kan han/ho følgja med på folk som går att frå oppslag til oppslag. Ein som sit i bussen på eitt oppslag, er komen til torget på neste oppslag. 

Poden blei interessert i desse bøkene då han berre var nokre få månader gammal. Han såg og såg og såg. Det heiter jo vrimlebøker fordi det skjer mykje på kvart oppslag, så det er mykje å følgja med på. 


No når han har blitt 1 år og 8 md., ser han i bøkene på ein ny måte. No byrjar han å peika på kjende gjenstandar og seia kva dei heiter (han er særleg interessert i gravemaskiner og andre store køyretøy ...). Og så snakkar vi om kva som skjer, vi peikar og fortel. Det er ingen andre bøker han har synt så stor interesse for. Teikningane er uttrykksfulle og fine, og det er kult at ein kan laga mange små historier om det som skjer. Bøkene er superfine rett før leggetid, for han roar seg veldig av å sjå i dei. Så det har blitt ein del av leggeritualet å bla i éi av vrimlebøkene. For tida les vi i vintervrimleboka, men eg veldig klar for å gå over til vårvrimleboka ...

Eg vil sjølvsagt tilrå alle med søte, små å melda dei inn i verdas finaste bokklubb, Blåmann barnebokklubb. Her kan du kjøpa alle vrimlebøkene (bortsett frå nattvrimleboka, ser det ut som) og fullt av andre superfine barnebøker (ser det har kome ei døgnvrimlebok frå hamna også!).

4 kommentarer:

Girl living in Oslo sa...

Nydelig blogg du har:) jeg er en ny følger:)

Anonymous sa...

Så flott innlegg for veldig flotte bøker!!
Desse bøken er også stor favoritten til Anna!
-me er alt gått over i vårstemninga, mammo kunne ikkje vente lenger. Ho, altså eg treng
lyset som kjem, der inne i våren;-)
God laurdag til dåko!

Klem frå Elisabeth

Ragnhild sa...

Girl living in Oslo: Å, tusen takk! Så triveleg at du likar deg her. Velkommen som følgjar:-)

Elisabeth: Vi gjekk over til vårboka i går;-) Og takk og lov for det, for der var det mange bilar og gravemaskiner og andre store doningar!

Terje Hellesen sa...

Hei Ragnhild; Veldig einig i at dette er gode bøker, og veldig kjekt at du liker Blåmann. Har eit forslag til deg. Kontakt meg på terje@bokdykk.no