3. mars 2012

Endeleg (nesten) ferdig med ekorngenser nr. 2

I haust la eg ut bilete av denne ekorngenseren + bilete av endå ein ekorngenser som eg var i gang med. Og endeleg er eg ferdig med ekorngenser nr. 2! Poden syner fram resultatet: 




Det tok tid å bli ferdig! Eg er ikkje så glad i å strikka med éin farge. Eg likar mønster! Men då eg kom opp til brystpartiet, gjekk det unna.

Eg likte ikkje fargane (eller mangel på fargar) i oppskrifta, så eg henta fargeinspirasjon frå ei på Ravelry som hadde strikka genseren i andre fargar. Grønfargen er superfin! (Ravelry er forresten heilt fantastisk når ein vil sjå korleis andre over heile verda (!) har løyst ei strikkeoppskrift. Alle strikkeglade bør registrera seg der!)






Dette er bak, og her ser vi det eg ikkje er heilt ferdig med. Eigentleg skulle det vera ei knapperad frå halsopninga og eit godt stykke nedover, men eg orka ikkje å strikka att og fram eit så langt stykke, så eg laga berre opning i halsen. Eg har tenkt å sy fast 2 knappar og hekla hekter til å kneppa igjen med i staden for knappehôl.

Eg strikka i storleik 12–18 md., men eg strikkar så utruleg laust, så genseren passar fint til finingen akkurat no (som er 20 md.). Meeen i og med at fuglane har byrja kvitra, trur eg diverre ikkje at genseren kjem til å bli så mykje brukt framover. Og neste sesong er genseren garantert for liten ... Så genseren skal bli ei gåve til ein annan liten fining, tenkte eg.

3 kommentarer:

Linda sa...

Flott gensar! Du strikkar fort ein ny ein du:)

Rangla sa...

Fantastisk fin! Er generellt utruleg fint når mønsteret går heilt rundt (altså at armane ikkje er festa på i etterkant...), veit ikkje kva det heilter på "strikke-språket"...

Fru Keilegavlen sa...

Nydeleg gensar og ein flott modell. Ønskjer deg ei fin og kreativ veke.