8. november 2011

Glimt frå livet med tøybleier

Vi bestemte oss lenge før Tryggve blei fødd at vi ville han skulle bruka tøybleier. Valet var eigentleg ganske enkelt, og eg skal ikkje bruka tid på å skriva om alle dei gode grunnane til å byrja med tøybleier. Det kan du f.eks. lesa om på denne fine tøybleiebloggen. Uansett: Etter over eitt år med tøybleier er konklusjonen ganske enkel: Tøybleier er så bra! I tillegg til at dei er bra for både stumpen og miljøet, er dei fine å sjå på. Og det er slett ikkje vanskeleg å verken bruka dei eller vaska dei. 

Det finst mange ulike typar tøybleier, og ein må berre prøva seg fram for å finna ut kva som passar best på ungen. (Vi kjøpte brukte tøybleier på Finn.no Tettinntil.no og Tøybleier.no for å testa ut + nye bleier på Bleieboden.no då vi visste kva vi ville ha.) Vi har stort sett brukt lommebleier og alt-i-eitt-bleier. Desse bleietypane har begge eit vasstett sperrelag ytst, men innmaten er litt ulik. Lommebleier er, som namnet seier, bleier med ein lomme som ein puttar innlegg inni, eitt eller fleire, alt etter kor mykje ungen tissar. Sjekk ut lommebleier på Bleieboden her. Vi har brukt BumGenius og Charlie Banana.

Her demonstrerer Tryggve kor enkelt det er å klatra i ei Charlie Banana lommebleie når ein er 1 år og 2 månader.

Og her viser han at det er null problem å vera 10 månader og rydda når ein går i ei Bum Genius lommebleie.

Alt-i-eitt-bleier (AIO) er bleier som har innlegg sydd fast eller festa med knappar, så ein kan berre ta bleia av og på som ei eingangsbleie. Les meir om alt-i-eitt-bleier på Bleieboden her. Vi har brukt Bum Genius i AIO også, for dei har ein lomme med plass til endå fleire innlegg! Og så har vi kjøpt nokre AIO-bleier frå utlandet.

Her viser Tryggve (10 månader) kor fin det går an å bli bli i ei alt-i-eitt-bleie frå PNP Baby.

Eg kan godt skriva meir om erfaringane våre med tøybleier dersom det er interesse for det. Eg er ikkje vanskeleg å be, i alle fall.

8 kommentarer:

Heidi / I'm with Leia sa...

Hei ragnhild - morsomt å lese at du bruker tøybleier på Tryggve - vi bruker også tøybleier på lillegutt - hadde som deg bestemt meg innen han ble født - går fint så langt men han tisser igjennom charlie banana :( Noen tips? Bumgenius er supre, lett å få på og passer fint.

Fine bilder (som altid) :)

ha en fin dag

Kine sa...

nyydelige bilder! Så god han er <3

Mint sa...

Ja, jeg vil gjerne høre mer om dine erfaringer! :) Så skjønne bilder, forresten!

Tøybleiemamma? sa...

for en herlig gutt! Og noen knashe bleier :-) More about that! Vi har akkurat kjøpt en sånn Charlie Bananableie i L. Må begynne å tenke på litt større bleier, så den var midt i blinken.

Ragnhild sa...

Heidi: Kva meiner du med tissar gjennom? Lek det langs låra? Har du stramma strikken langs låra? Då kan det vera at bleia er litt for stor for han enno. Tryggve byrja ikkje med Charlie Banana før han var godt over 6 md, trur eg. Og han er STOR for alderen. Det går forresten an å prøva andre innlegg, dersom du har det? F.eks eitt innlegg i hamp eller bambus + eit Charlie Banana-innlegg.

Tøybleiemamma: Men finst Charlie Banana i fleire storleikar da? Eg trudde det berre var onesize?

Elles tusen takk for dei fine kommentarane! Eg skal skriva meir om tøybleier:-)

Fru Keilegavlen sa...

Så herlege bilete av ein ordentleg godgutt!Ønskjer deg ei fortsatt fin veke og ei fin helg.

Tøybleiemamma? sa...

Ja. Har kjøåt min brukt da, så d kan hende dem er bestilt fra utlandet, for jeg har ikke sett annet enn onesize her til lands. Den er nesten lik som Fuzzi Bunz i large da.

Heidi / I'm with Leia sa...

ja - langs det ene låret :( Syns de har en ok passform men de lager merker i lårene hans...så jeg vil ikke ha dem for stramme...kanskje derfor de lekker... Men skal prøve med microfiber innlegg for å se om det hjelper.

Brukte Tryggve Charlie Banana onesize?