20. november 2011

Fiksetips

Nøstebloggen er ein utruleg fin blogg! Det er altså bloggen til Nøstebarn, og her er det mykje inspirasjon å finna! Eg likar særleg innlegga med praktiske tips om korleis ein kan reparera og gjenbruka ullplagg. Det er jo ikkje så kjekt å ha ein bunke med øydlagde ullplagg liggjande. Det er faktisk skikkeleg umotiverande å vita at ein må fiksa eit plagg. Ofte er det fordi ein ikkje heilt veit korleis ein skal fiksa det på ein bra måte.

Tryggve fekk for ikkje lenge sidan ei kjempefin ull/silke-trusetrøye (= body), men etter kort tid oppdaga eg eit stygt hòl rett ved det eine ermet. Eg anar ikkje korleis det har blitt til, det er mogleg det er guten sjølv som har klipt, faktisk. Uansett, på Nøstebloggen fann eg mange fine tips. Det endte opp med at eg hekla ein blome (sjølv om det ser ut som eit speilegg), skylte han i rennande, heitt vatn for å tova han litt og deretter sydde eg han fast over hòlet. Eg sydde ikkje fast dei kvite blomeblada, så får vi sjå om dei held seg fine. Eg har ingen før-bilete, men her er etter-bilete, i alle fall:



Lenkje til ullvøl-tipsa. 

2 kommentarer:

Rangla sa...

Lurt! Det vart jo fint òg! Nøstebarn har veldig mykje fint i god kvalitet, men eg har diverre høyrd at akkurat bodyane deira blir det fort hol i... Eg veit ikkje om det stemmer, for eg har ingen bodyar derfrå (men eg har iallfall andre Nøstebarn-klede som er supergode!)

Ragnhild sa...

Eg har aldri opplevd å få hol i klede frå Nøstebarn. Og vi har hatt mange klede, både for store og små. Ull- og silkeplagga er kjempebra! Dei blir ikkje nuppete og held seg godt. Det er viktig å vaska på riktig temp (30 grader i god vaskemaskin eller for hand) og bruka riktig vaskemiddel (Milo, Ecover o.l.). Feil vaskemiddel kan faktisk laga hol.